Vil setja hardt mot hardt

Dersom Hordaland fylkeskommune ikkje tek omsyn til kommunane sine høyringsinnspel til Regional areal- og transportplan, vil formannskapet i Fjell varsla motsegn mot planen.

Tom Georg Indrevik.
Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) vil setja hardt mot hardt om fylkeskommunen ikkje tek omsyn til Fjell sine høyringsinnspel til Regional areal- og transportplan.

Hordaland fylkeskommune sine framlegg til regional transportplan og regional areal- og transportplan har skapt dårleg stemning i Fjell, Sund og Øygarden.

Den generelle oppfatninga er at planane vil bidra til uønska sentralisering og vera eit hinder for vidare utvikling i store delar av den nye kommunen.

Les: Nei til fylkeskommunal detaljstyring

Les: Ordføraropprør mot sentralisering

Då saka vart drøfta i formannskapet i Fjell i dag, la vararordførar Tom Georg Indrevik fram forslag om å varsla motsegn, i tilfelle fylkeskommunen ikkje tek omsyn til kommunen sine merknadar.

Forslaget vart vedteke som eit tillegg til rådmannen si innstilling, med seks (H, FrP, Krf, V, MDG) mot tre røyster (A).

Sterkaste verkemiddelet
Motsegn er det sterkaste verkemiddelet ein overordna instans har til å setja foten ned for ein plan dei er misnøgd med eller meinar er uforsvarleg.

No meinar Indrevik (H) at §8-4 i plan og bygningslova også opnar for at kommunane kan stoppa ein overordna plan.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s