Sjømat er framtida

Dei fleire hundre deltakarane på North Atlantic Seafood Forum er ikkje i tvil.

Havet dekkjer 70 prosent av verdast overflate og står for halvparten av den biologiske produksjonen. Så langt dekkjer det likevel berre tre prosent av verdas matforbruk.

Fiskeslag som lever i skumringslyset frå 200 og ned til 1000 meters djup har stort ernæringsmessig potensiale, men er lite utforska. Foto: Fisheries Forum.

Høg avkastning
Verdien av norske sjømatverksemder har auka meir enn dei fleste andre sektorar i norsk næringsliv siste tiåret. Noteringar av nye sjømatverksemder på Oslo Børs har i snitt gjeve ein avkastning på 350 prosent, ifølgje Petter Dragesund i investeringsverksemda Pareto Securities som er medarrangør av den årlege sjømatkonferansen.

– Internasjonale konsern viser aukande interesse for sjømat. Dette er berre byrjinga, hevda Dragesund.

På djupet
Mesopelagisk fiske er eit område investeringsrådgjevaren framheva som særleg lovande, men som også er forbunde med stor grad av usikkerhet.

Mesopelagisk fisk lever på djup frå 200 og ned til 1000 meter, og vil truleg vera særleg eigna til produksjon av fiskemjøl og –olje.

Manglande kunnskap om kva artar som skjuler seg på djupet, og kor store fangstar desse bestandane toler, kombinert med få fartøy, gjer at mesopelagiske fiske til no har vore lite utprøvd.

Silver Lightfish
På same måten som torsken har vore rekna for sjølvaste kongen på hjellen for dei pelagiske fiskeria, vil Silver Lightfish kunna gje grunnlag for eit kommersielt fiske på større havdjup, hevda Thorbjørn Thorvik i Fiskeridirektoratet.

– Silver Lightfisk er ein nærast utappa ressurs for marin ernæring, framheva Thorsvik.

Silver Lightfisk ei liten fiskeart, men tek mangelen på storleik att i mengde. Han er dessutan svært feit og vil difor ha stort ernæringsmessig verdi.

Bærekraftig fiske
Havforskinga i Bergen har så vidt byrja utforska potensiale for bærekraftige kommersielt fiske på store djup, ifølgje Thor Klevjer.

Auka kunnskap vil vera viktig, for å kartleggja hotspots for kommersielt fiske, men også for å unngå skade på egg og larvar, samstemte Thorsvik.

Ernæringspotensiale
Ein vil også trengja meir kunnskap om korleis prosessera og konservera fangsten slik at det høge ernæringsmessige potensialet kan koma til sin rett.

Islandske erfaringar
Islandske myndigheter meinar å ha identifisert Reykjanes-ryggen i Irmigerhavet mellom Island og Grønland som ein hotspot for kommersielt fiske.

Erfaringar frå forskningsfangsten her frå 2010 og framover understrekar likevel at ein treng betre kunnskap før dei internasjonale havforskingsorganisasjonane kan gje grønt lys for kommersielt fiske, ifølgje Thorsteinn Sigurdsson frå den islandske havforskinga.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s