Planlegg industriell tareproduksjon i Fjell

Artic Seaweed AS håpar å kunna hausta inntil 4.500 tonn tare årleg om dei får dispensasjon frå arealplanen i Fjell til å driva taredyrking.

Det omsøkte konsesjonsområdet ligg mellom Store Vindøyna og Verøy. Solsvik i bakgrunnen.

Den noko uvanlege dispenasjonssøknaden som no er til høyring i Fjell kommune, omfattar bruken av eit 130 mål stort område mellom Stora Vindøyna og Verøyna nordvest for Solsvik til industriell taredyrking.

Sjølve produksjonsanlegget vil ikkje vera synleg frå overflata, men vil stå på minimum halvannan meters djup. Småbåtar vil dermed kunna ferdast over anlegget, ifølgje søknaden.

Utviklingsprosjekt
Kommersiell produksjon av tang og tare, sokalla makroalgar, er enno heilt i startfasen. Næringa vert spådd ein rask vekst i takt med aukande behov for matproduksjon frå havet. Førebels er berre eit 30-tals konsesjonar er innvilga i Norge.

Les: Sjømat er framtida

Anlegget utanfor Solsvik vil vera eit utviklingsprosjekt innan industrialisering av produksjonen av makroalgar i samarbeid med Innovasjon Norge, opplyser Artic Seaweed i søknaden.

Sukkertare

Sukkertare er ein raudlista tareart. Stiklingane som skal brukast til den industrielle dyrkinga skal hentast frå det same geografiske området.

Sukkertare er den arten der dyrkingskunnskapen har kome lengst, men også fingertare, og andre taresortar kan vera aktuelle å prøva ut i Fjell.

Taren har ein eittårig livssyklus. Planen er å setja ut stiklingar på hausten, og hausta dei 1,5 – 2 meter lange makroalgane tidleg på sommaren. Planar om industrialisert drift gjer at Artic Seaweed AS håpar å kunna hausta heile 4.500 tonn våt biomasse årleg.

Les: Skuffa over forslaget til marin verneplan

Næringsrik
Makroalgar er svært rik på mineral som jod og kalsium, og inneheld langt meir A- og D-vitamin enn tran. Artic Seaweed ser for seg at taren dei produserer vil inngå i produksjon av fiskefor, dyrefor eller biobrensel.

Får næring frå oppdrettsanlegg
Det nystarta oppdrettselskapet oppgjev å ha tette band til Marine Harvest ASA. Noko av forretningsideen tilseier låge produksjonskostnadar avdi makroalgane i vekstfasen vil kunna nyttiggjera seg avfallstoff frå laksen i Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg ved Oksen som næring, i tillegg til opptak av CO2.

Artic Seaweed har sendt ein tilsvarande dispensasjonsøknad til Gulen, for eit anlegg der.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s