Store lokale skilnadar i førekomsten av sjukeheimsinfeksjonar

Det er store skilnadar mellom sjukeheimane i regionen når det gjeld førekomsten av sjukeheimsinfeksjonar og antibiotikabruk.

Som ledd i arbeidet med å redusera talet på sjukeheimsinfeksjonar gjennomfører Folkehelseinsituttet to årlege undersøkingar av førekomsten.

Helsetenesteassosierte infeksjonar er infeksjonar som kan knytast til opphald eller behandling på helseinstitusjon. Då slike infeksjonar påfører pasientane ekstra liding, og i verste fall død, arbeider Helsedirektoratet for å redusera førekomsten.

Då antibiotikabruk over tid kan føra til resistens, er det samstundes eit nasjonalt mål å redusera bruken med 30 prosent.

Folkehelseinstituttet
Som ein ledd i det førebyggjande arbeidet undersøkjer Folkehelseinstituttet jamnleg kor mange av bebuarane og pasientane ved norske helseinstitusjonar som lid av infeksjonar og kor mange som får antibiotika.

Vanlegaste infeksjonane på sjukeheimar er urinvegsinfeksjonar og luftvegsinfeksjonar.

Store skilnadar
Det er store skilnadar mellom sjukeheimane i regionen når det gjeld kor mange av bebuarane som har infeksjonar, viser undersøkinga som vart gjennomført sist haust.

Til saman seks sjukeheimar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy deltok i undersøkinga.

Sundheimen og Ravnanger sykehjem oppgav at ingen av dei til saman 38 bebuarane leid av nokon infeksjon den dagen undersøkinga vart gjennomført.

Ved Tednebakkane omsorgssenter i Øygarden var det 5,3 prosent av dei 19 pasientane som hadde minst ein infeksjon og som fekk antibiotika.

Over snittet
Ved Kleppestø sykehjem og Fjell sjukeheim var det henhaldsvis 7,4 og 8,2 prosent av pasientane som leid av ein eller fleire infeksjonar. Her var det 81 og 49 bebuarar som inngjekk i undersøkinga.

Flest infeksjonstilfeller var det ved Solhaug sykehjem på Klokkarvik, som vert drifta av Bergen kommune. Her var det heile 16,7 av dei totalt 30 bebuarane som leid av ein eller fleire infeksjonssjukdomar.

To gongar årleg
På landsbasis hadde 5,4 prosent av dei vel 26.000 sjukeheimspasientane minst ein infeksjon. Samstundes var det 7,8 prosent som fekk antibiotika.

Registreringa vert gjennomført to gongar årleg. Institusjonane oppgjev sjølv korleis situasjonen er akkurat denne dagen.

Les meir om sjukeheimsinfeksjonar på heimesidene til Fylkesmannen i Hordaland

Til saman 66 av dei 90 sjukeheimane i Hordaland deltok i undersøkinga hausten 2016.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s