Eineståande, men eldre enn vi trudde

Villrosehybriden Rosa x Sabinii frå Løkling er eineståande i verdssamanhang, avslører pollen- og DNA-analysene.

Rosa x sabinii – omtalt av den svenske botanikaren Gunnar Täckholm på 1920-talet, men har enno ikkje fått noko namn.

Tunnelsyn omtalte i sommar funnet av ei einkel, kvit og vakker villrose, kalla Rosa x Sabinii, på Løkling på Bømlo.

Ferske analyser av pollen og DNA viser at akkurat den hybriden som finst på Løkling er unik i verdssamanhang, seier førsteamanuensis Heidi Lie Andersen ved Arboretet på Milde til Tunnelsyn.no.

Les: Botanikar fann gull på Løkling

”Oppdaga” på 1920-talet
Undervegs i arbeidet oppdaga botanikarane at den nyoppdaga rosa på Løkling likevel ikkje er så ny som ein først trudde. Akkurat denne hybriden vart først omtalt av den svenske botanikaren Gunnar Täckholm så tidleg som på 1920-talet.

Stadeigen
Analysen viser at Rosa x Sabinii ein hybrid om oppstår igjen og igjen, så lenge begge foreldra er tilstade i nærmiljøet, seier Andersen.

Dei som ønskjer å beundra den sjeldne hybridrosa på nært hald, vert med andre ord nøydd til å ta turen til Bømlo.

Foreldre
Med sine einkle, kvite roser og små, svarte, piggete nyper er Rosa x Sabinii ein krysning mellom den i Norge raudlista Trollrosa (Rosa Spinosissima) og den meir vanlege Bustnypa (Rosa Canina).

DNA-analysen avslører at rosa frå Løkling har spinosissima som far og bustnypa som mor. Rosa har 35 kromosom og er pentaploid. Ho skil seg dermed frå tilsvarande roser funne på dei britiske øyane som har ei annleis kromosomsamansetjing.

Steril
Det at rosa har oddetals kromosom inneber at ho er steril. Det er dermed ingen risiko for at arvemateriale frå Rosa x Sabinii skal gje opphav til nye krysningar med den utrydningstruga Trollrosa, ifølgje Andersen.

Resultatet av analysane av det botaniske arvematerialet er omtalt i Nordic Journal of Botany, 34, 2016.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s