Opplagsfall for Askøyværingen og VestNytt

Lukka nettsider, brukarbetaling på nett og digitale abonnement er tydelegvis ikkje rette svaret. Både VestNytt og Askøyværingen har fått færre betalande abonnentar siste året.

Mediebedriftenes Landsforening, saman med Landslaget for lokalaviser, sørger for å kvalitetsikra opplagstala til norske medier.

Meir enn 100 norske aviser hadde ein positiv opplagsvekst i fjor. Lokalavisene VestNytt og Askøyværingen fekk ikkje del i oppgangen, ifølgje opplagstala for norske aviser tilslutta Mediebedriftenes Landsforening og Landslaget for lokalaviser for 2016 som vart offentleggjort denne veka.

Begge dei Schibstedeigde lokalavisene opplevde eit fall i opplagstala på meir enn fem prosent i 2016.

Les: Festar grepet om Vestnytt og Askøyværingen

Papiravisene blør
Avishuset i Skjenet på Straume tapte 304 abonnentar i fjor, og kraup dermed under streken på 5.000 betalande lesarar. For året som heilhet fekk dei eit teljane opplag på 4.972 for papir og nettavis sett under eitt.

Størst var nedgangen for papiravisa. Heile 400 abonnentar valde å seia takk for seg i løpet av fjoråret. Men lesarane går ikkje over til å betala for digitale abonnement, slik ein kanskje skulle trudd. Å lukka nettavisa hjalp ikkje. Gjennom året tapte avisa 290 betalande digitale lesarar, ifølgje statistikken.

Fall også for nettavisa
Askøyværingen tapte 218 betalande abonnentar i fjor, og fekk eit samla opplag på 3.420. Også her var det papiravisa det gjekk verst ut over. 327 færre betalande abonnentar merkjest nok godt.

Askøyværingen klarar i større grad å halda på dei digitale abonnentane enn Schibsted-søstera på Sotra, men måtte likevel sjå at talet på innlogga lesarar på nettavisa fall med 182.

Auke for Bergensavisen
Bergensavisen fekk til samanlikning ein auke i nettopplaget for papir og digitale abonnement samla med 264.

Auka lesaroppslutnad sørga for ein oppgang for nummer to-avisa i Bergen  både på papir og digitalt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s