Søndagsope under Sykkel-VM

Butikkane i Fjell, Øygarden, Askøy og Bergen har fått løyve til å halda søndagsope under Sykkel-VM.

Sykkel VM vert ei så spesiell hending at fylkesmannen har gjeve butikkane i Fjell, Øygarden, Askøy og Bergen dispensasjon frå Helligdagslova til å halda søndagsope.

VM i landevegssykling i Bergensregionen 16.9 – 24.9 er ei så spesiell hending at fylkesmannen i Hordaland har vedteke å gje butikkane dispensasjon frå dei vanlege opningstidene på søndagar.

Fylkesmannen har sagt ja til søknadar frå Fjell og Øygarden kommunar, Bergen Sentrum AS, Kleppestø Senter AS og Ravnager Senter AS.

Butikkane i dei to sentrene på Askøy kan halda ope søndag 17. september. I Bergen kan butikkane halda ope både 17. og 24. september.

I Fjell og Øygarden gjeld dispensasjonen frå Helligdagslova søndag 24. september.

Opningstida alle stadar vert frå klokka 9 – 19.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s