Inviterer til Aromafest

Då Kjetil Hansen mista jobben som industrimekanikar på Ågotnes, fekk han endeleg tid til å realisera ideen om å arrangera ei vin-, sider og brennevinsmesse i Bergen.

Ikkje berre konjakk, men vin, sider og brennevin. Med Aromafest henvender Kjetil Hansen seg til eit langt breiare publikum.

– Vin, sider og brennevin har så mange ulike aromaer. Vi vil at dei besøkjande skal kunna nyta og utforska heile spekteret, seier Kjetil Hansen.

Den smilande, breiskuldra karen som mellom dei innvigde er best kjend for den årlege konjakkmessa Cognac Expo, er i desse dagar i full gang med planlegginga av ei ny og annleis messe: Vin og brennevinsmessa Aromafest som vil gå av stapelen i mai.

For kven som helst
Tanken er at kven som helst skal kunna kjøpa billettar – du treng med andre ord ikkje ha nokon tilknyting til restaurantbransjen for å sleppa innanfor dørene. Dei som kjøper billettar vil få møta nokre av dei leiande produsentane og importørane av sider, vin og brennevin i landet. Smaksprøvar får dei på billetten, lovar Hansen.

– Arcus, Haugen Gruppen, Hennessey og Lekve Gard er nokre av dei mest kjende av dei 10 – 15 produsentane som har bekrefta at dei stiller dette første året, seier opphavsmannen.

Mykje planlegging
Eit tilsynelatande einkelt konsept, men som krev mykje planlegging og logistikk, ifølgje Kjetil Hansen. Men han skal ikkje gjera heile jobben aleine. Med seg på laget har den dagelege leiaren Thomas Nesse og Patrick Sundal.

– Då eg mista jobben som industrimekanikar på Ågotnes såg eg mogelegheiten til å realisera dette som ein spinoff-ide parallellt med arbeidet med Cognac Expo, seier Hansen om gründerverksemda som er så fersk at ho enno ikkje har fått noko organisasjonsnummer.

Cognac Expo
Opphavet til det heile, Cognac Expo, er no inne i sitt femte år, og i år vert større enn nokon gong, lovar Hansen.

Sidan starten har opphavsmennene utvikla konseptet frå å ha ei handfull utstillarar og 35 betalande besøkjande til å omfatta 43 produsentar og 680 betalande gjestar. Meir enn 430 av dei deltok i tillegg på ein eller fleire sokalla master classes der dei fekk eit innblikk i heile produksjonen til ein einskild leverandør, ifølgje Hansen.

Overskot
– I fjor gjekk vi med overskot for første gong, konstaterer ein letta gründer som endeleg fekk betalt tilbake noko av dei investeringane han og kompanjongen har gjort for å få verksemda opp å stå.

Lovar fleire spinoffs
Førebels gjev gründerverksemda ikkje nok av seg til å leva av, men aukande interesse for Hansen sine kunnskapsrike føredrag om konjakk gjer at han er optimist.

– Fleire nye føretak kan det også verta, smiler Kjetil Hansen lurt.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s