Tapte pensjonspoeng

Eit 50-tals personar i Fjell, Sund og Øygarden går glipp av framtidige pensjonsutbetalingar fordi dei ikkje makta betala uteståande restskatt i fjor.

Pensjonspoenga vert rekna ut frå kor mykje den einskilde betalar inn i trygdeavgift og skatt.

Der det ikkje er noko å henta, må sjølv Kemnaren gje tapt. Kemnaren i Fjell, Sund og Øygarden såg seg i fjor nøydd til å vekkskriva nær 12,3 millionar kroner fordi innbyggjarar ikkje klarte å betala inn det dei skulda i utskriven trygdeavgift og restskatt, framkjem det av årsrapporten som i desse dagar vert lagt fram for kommunestyra i dei tre kommunane til orientering.

Les: Tapte på konkursar

Trygdeavgift
Pensjonspoeng vert rekna ut frå det du som privatperson betaler inn i trygdeavgift og skatt. Er det utlikna skattar som du ikkje maktar å betala, mistar du pensjonspoeng i forhald til kor mykje Kemnaren må avskriva.

Framtidige pensjonsutbetalingar
Heile 1,5 millionar av beløpet Kemnaren i Fjell, Sund og Øygarden skreiv vekk i 2016 var framtidige pensjonsutbetalingar til einkeltpersonar som ikkje makta å betala restskatten sin, ifølgje Kemnar Sissel Ekerhovd i Fjell, Sund og Øygarden.

– Dei det gjeld får varsel i forkant. Nokre ser at dette kan få så store framtidige konsekvensar at dei vel å låna pengar for å betala restskatten, seier kemnar Sissel Ekerhovd i Fjell, Sund og Øygarden til nettavisa Tunnelsyn.

Verst i Fjell
For dei fleste var det snakk om mindre beløp. Verst ute var ei kvinne frå Fjell. 600.000 i ettergjeven restskatt førte til tap av framtidige pensjonsutbetalingar på 110.000 kroner, ifølgje Ekerhovd.

I Fjell var det totalt 46 personar som måtte sjå pensjonspoeng tilsvarande 1,23 millionar gå tapt som følgje av manglande evne til å betala skatt i fjor. Åtte personar i Sund tapte til saman 214.000 kroner og ein person i Øygarden nærare 37.000 kroner.

Store årlege variasjonar
– Det er sjeldan det er snakk om slike store summar som i 2016. I 2015 var det til samanlikning berre snakk om 407.000 kroner, seier Ekerhovd.

Storleiken på det avskrivne beløpet må sjåast i samanhang med at det i fjor var heile 37 konkursar berre i Fjell, seier Kemnaren i Fjell, Sund og Øygarden.

Les: Dobbelt så mange konkursar

Gjeld ikkje tilsette
Ingen einskildpersonar mista pensjonspoeng fordi arbeidsgjevaren dei var tilsett hos gjekk konkurs og ikkje makta betala skattar og arbeidsgjevaravgift.

– Så lenge arbeidsgjevaren har innberetta løn, skal arbeidstakaren vera sikra pensjonspoeng, seier Ekerhovd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s