Komiteleiar løyvde millionar til eiga verksemd

Reglane for inhabilitet vert ikkje praktisert, hevdar leiar Ernst Morten Einarsen (H) i komite for drift og forvaltning i Fjell. Under budsjettbehandlinga i desember vedtok han like godt å løyva 27,3 millionar kroner til finansiering av kommunen sitt kjøp av bustadar han sjølv er medeigar i.

Å utarbeida det årlege budsjettet for Fjell kommune er eit sentralt ansvarsområde for komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H) i Komite for drift og forvaltning. Finansieringa av ti husvære i blokka Straumehagen, som han sjølv er medeigar i, er ein av dei store postane på årets investeringsbudsjett.

Nettavisa Tunnelsyn har gjentekne gongar teke opp den uheldige samanblandinga mellom Sartorsjef Ernst Morten Einarsen sine mange næringslivsroller og hans politiske engasjement på toppnivå i Fjell.

Les: Rådmann favoriserer politisk komiteleiar ved bustadkjøp

Rolleblanding
Ernst Morten Einarsen (H) har mange års fartstid frå ulike politiske roller i Fjell. I denne valperioden er han leiar for Komite for drift og forvaltning.

På privaten har Einarsen leiande roller og store eigarpostar i ei rekkje verksemder med Straume sentrum som heimeadresse. Einarsen er mellom anna dagleg leiar i Sartor Holding AS og i Altus Eiendom AS. Han personleg eig 12,4 prosent av aksjane i holdingselskapet og 16,25 prosent av aksjane i Altus Eiendom.

Overordna budsjettansvar
Som leiar for Komite for drift og forvaltning er Ernst Morten Einarsen tillagt eit overordna ansvar for drift, finans- og forvaltning i Fjell. Han har og ansvar for å følgja opp drifta av alle tenesteområde, medrekna budsjettkontroll.

Ei sentral oppgåve er ansvaret for å utarbeida det årlege budsjettet.

Straumehagen
Ein av dei store postane på kommunen sitt investeringsbudsjett for 2017 er finansieringa av 10 husvære i blokka Straumehagen, midt i trafikken i Straume sentrum. Byggherrar er OBOS AS, Veidekke Eiendom AS og Altus Eiendom AS, der Einarsen altså er dagleg leiar og medeigar.

Finansieringa av kjøpet av dei ti husværa, til saman 27,34 millionar kroner, skal skje gjennom eit kommunalt låneopptak på 14,77 millionar i tillegg til 12,57 millionar i Husbankmidlar, ifølgje budsjettet Einarsen både utarbeida og var med på å vedta i desember i fjor.

Var inhabil
Personar som har leiande posisjonar i selskap som er part i saka, er inhabile både til å leggja til rette grunnlaget for ei avgjerd, og treffa avgjerder i samband med eit offentleg vedtak, ifølgje Forvaltningslova §6.

Ved vurderinga av gildskap skal det mellom anna leggjast vekt på om avgjerda i saka kan innebera særleg fordel, tap eller ulempe for han sjølv. Forvaltningslova §6, andre ledd.

Personleg fordel
Kommunen sitt kjøp av bustadar i Straumehagen til ein samla verdi av 27,34 millionar kroner, frå ei verksemd Einarsen er medeigar i, kan utan tvil hevdast å innebera ein særleg fordel, også for Einarsen personleg.

Det hindrar likevel ikkje Einarsen i å utøva sine dobbeltroller. Tvert om.

Einarsen er utdanna jurist. At han har god kjennskap til Forvaltningslova sine bestemmelsar om inhabilitet viste han mellom anna då Komite for drift og forvaltning tidleg i fjor haust behandla kommuneadvokaten sitt forslag til høyringsuttale om endringar i Forvaltningslova.

Vert ikkje praktisert
– Reglane om habilitet er eit vanskeleg punkt i Forvaltningslova. Reglane vert ikkje praktisert, hevda Einarsen den gongen.

Les: Habilitetsreglane bør endrast

Særleg §6.2, som omhandlar personar som har leiande posisjonar i selskap, styre eller generalforsamling i verksemder som er part i saker som vert behandla, bør endrast, fekk Einarsen dei øvrige komitemedlemmane med seg på.

Hastevedtak
Kommunestyret i Fjell vedtok kjøpet av dei ti bustadane i Straumehagen som eit hastevedtak hausten 2014, utan nokon føregåande anbodsprosess, og utan diskusjon i kommunestyret.

Les: Rådmannen vil kjøpa i Straumehagen utan anbod

Eldrerådet i Fjell protesterte på vedtaket i ettertid, utan at det fekk konsekvensar for kjøpet.

Les: Får kritikk frå Eldrerådet

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s