Komiteleiaren sitt bustadsal tema for Kontrollutvalet

Kontrollutvalet i Fjell skal vurdera dei juridiske sidene ved kjøpet av 18 utleigebustadar frå leiar Ernst Morten Einarsen (H) i Komite for drift og forvaltning.

– Fjell har nettopp meldt oss inn i Transparency International. Kan ordføraren bekrefta eller avkrefta at alle siden av KDF-leiar Ernst Morten Einasen sitt sal av bustadar til Fjell kommune er i orden, spurte Anita Garlid Johannessen (FrP) i spørjetimen i kommunestyret.

 

 

Nettavisa Tunnelsyn sine omtalar av Sartorsjef og leiar Ernst Morten Einarsen i Komite for drift og forvaltning sine bustadsal til Fjell kommune har vekt oppsikt på politisk nivå i Fjell kommune.

Les: Rådmannen favoriserte politiske komiteleiar ved kommunalt bustadkjøp

I spørjetimen i kommunestyret i dag, tok Anita Garlid Johannessen (FrP) opp nettavisa Tunnelsyn sin omtale av rådmannen sitt kjøp av 18 husvære i ei planlag blokk eigd av leiar Ernst Morten Einarsen i Komite for drift og forvaltning.

Les: Komiteleiar løyvde millionar til eiga verksemd

– Fjell har akkurat meldt oss inn i Transparency International. Vi er opptekne av at alt skal skje i ordna formar. No vil eg gjerne at ordførar bekreftar eller avkreftar at alle sider ved dette kjøpet er orden, sa Garlid Johannessen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var kjend med artiklane. Ho bekrefta samanhangane dei hadde oppstått i, men utan å villa seia noko om dei juridiske sidene av saka.

– Saka er sett opp på Kontrollutvalet si saksliste. Når dei har gått gjennom saka, vil vi vita meir. Eg har ikkje tenkt verken å bekrefta eller avkrefta noko, svara Sandahl Bjorøy.

Advertisements

4 Comments

  1. Kontrollutvalget har ikke kompetanse til å behandle «arbeidsgivers» feil ( Fjell Kommune), da utvalget er valgt av politikere representert i kommunestyret.
    Få av medlemmene i kontrollutvalget har liten eller ingen kompetanse/erfaring med å kontrollere lovlighet av vedtak. Kontrollutvalgets medlemmer er ikke i kommunestyret, men valgt av kommunestyret i forhold til partitilhørighet.
    – Habilitet//inhabilitet?
    Kommunen behandler i dag klager mot seg selv. og så videre til klagenemnda som er politisk «valgt». Denne saken må ikke behandles lokalt, men sendes for eksempel med krav om at en settefylkesmann behandler saken, da Fylkesmannen i Hordaland er inhabil.
    I tillegg er vi en del som vil innklage Fjell Kommune til konkurransetilsynet med kopi til Transparency International Norway.

    Øyvind Herland

    Likar

    1. Forstår at dette er ei sak som engasjerer.
      Saka er kompleks, med mange ulike lovverk det er aktuelt å forhalda seg til. Slik eg har forstått det, pleier KOntrollutvalet vanlegvis å gje oppdraget til ei konsulentverksemd som td. Deloitte – slik at dei kan få vurdet alle aspekt ved ei sak. Det kan vera ein måte å gjera det på i dette tilfellet også, tenkjer eg.
      For å ha alle alternativ på det reine, ber eg deg likevel utdjupa forslaget om ein setjefylkesmann.

      Likar

      1. Det er som følger. Dokumenterbart gjennom mange års erfaring i politikken, samt konsekvenser etter #mappesaken»,hvor jeg tok innbyggerne på alvor. I min foreløpige dokumentasjon til Sivilombudsmannen, ligger det e- poster fra fjell kommune til FMHO i klartekst hvor FK «instruerer» FM og akseptere FK sin behandling… Dette er en for omfattende sak til å begrunne/utdype som du ber om.. Men om dere vil følge saken, så har jeg en kopi av min sak til SOM. i papirformat..10% kan dere få en oppfattelse/orientering på http://www.roshjelp1.com. Ellers er jeg villig til å bistå. Dette gjelder ikke meg, men sette søkelyset på konsekvensene det får ved å stå opp for andre.

        Ha en fin helg
        Hilsen
        Øyvind Herland

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s