Sjukefråveret stig

Den auka kjensla av utryggleik i kommunane vestom Bergen slår no ut også på sjukefråværet. Tydelegast er utviklinga i Fjell og Askøy.

Det er vanleg at sjukefråværet går opp i periodar med høg økonomisk utryggleik, ifølgje fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i NAV.

Medan sjukefråværet gjekk litt ned i Hordaland i siste kvartal i fjor, steig det dramatisk i Fjell og Askøy, framkjem det i ei pressemelding frå NAV.

Askøy, Fjell, Sund og Øygarden toppar oversikten over kommunar med høgast arbeidsløyse i Hordaland. Siste tala frå NAV viser at kommunane også ligg like under toppen når det gjeld registrert sjukefråvær dei tre siste månadane i fjor.

Les: Lysning på arbeidsmarknaden

Sjukepengar vs dagpengar
– Vanlegvis aukar sjukefråværet i nedgangstider, seier fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Hordaland.

NAV-kontora i Hordaland har i det siste registrert mange spørsmål kring regleverket for utbetaling av sjukepengar samanlikna med dagpengar, ifølgje NAV-direktøren.

Psykiske lidingar
Psykiske lidingar, saman med muskel- og skjelettplager, var dei vanlegaste årsakane til sjukmeldingane i Hordaland i perioden.

Høgast i Askøy
Askøy hadde tredje høgaste sjukefråværet i Hordaland, med 6,9 prosent. Fjell kjem like bak, med 6,8 prosent. Både i Øygarden og Sund låg sjukefråværet på 6,6 prosent.

Bak det høge fråværet i Fjell skjuler det seg ein auke på heile 13 prosent. I Askøy var auken på fem prosent. I Sund og Øygarden gjekk sjukefråværet derimot ned, med henhaldsvis åtte og sju prosent.

Tre kvart million dagsverk
Heile737.000 dagsverk gjekk tapt i sjukefråvær i Hordaland dei tre siste månadane i fjor.

Tala omfatta eit legemeldt fråvær på 5,6 prosent.

Influsensa
Det samla sjukefråværet i Norge i perioden, inkluderte både eigenmeldt og legemeldt fråvær, utgjorde til samanlikning 6,4 prosent. Då var talet justert for influensa og andre sesongmessige svingingar.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s