Animasjon eit viktig salsverktøy

Oljeserviceverksemda IKM Cleandrill AS har hatt god nytte av 3D-animasjonar for å overbevisa potensielle kundar om at innovasjonane deira vil fungera, og at kundane bør kjøpa produkta.

I oljebransjen er bruk av 3D-animasjonar vanleg for å visualisera innovasjonar, ifølgje dagleg leiar Tom Hasler i IKM Cleandrill AS.

For IKM Cleandrill har 3D-animasjonar fungert som eit veldig viktig salsverktøy, sa dagleg leiar Tom Hasler i IKM Cleandrill AS til Tunnelsyn i eit større intervju i samband med at verksemda i Trollhaugmyra i fjor vart kåra til Gasellevinnar i Hordaland for andre året på rad.

Les: Vil læra oljeselskapa å tenkja miljø

Produktutvikling
Då dei tre gründarane Tom Hasler, Sveinung Olsen og Harald Hufthammer starta IKM Cleandrill i 2010, gjekk dei fleire rundar med potensielle kundar mellom anna i BP, Shell og Statoil, for å vera sikre på at dei forstod kundane sine behov.

– 3D-animasjonar spelte ei sentral rolle under utviklinga av løysinga vår for gjenvinning av borevæske, fortalte Hasler.

3D-animasjonar
Til å hjelpa seg med innsalet nytta gründarane heimelaga animasjonar som viste korleis dei tenkte seg at utstyret skulle fungera. Animasjonane vart modifisert etterkvart som kundeundersøkinga skreid fram.

(teksten held fram under animasjonen)

– 3D-animasjoner er eit vanleg hjelpeverktøy i oljebransjen, hevdar Hasler.

– Kan du visualisera korleis utstyret skal fungera, er det langt lettare å overbevisa kundane om at det faktisk vil fungera, og at dei bør kjøpa produktet, smiler Hasler.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s