– Tenk 3D framfor prototyping

Tradisjonell produktutvikling ved hjelp av prototyping er for tidkrevjande og dyrt. Start heller innovasjonsprosessen med 3D-visualisering.

Dette var Helge Bjordal, dagleg leiar i NagellID AS, sin bodskap til håpefulle gründarar og andre som ønskjer å driva innovasjon i oppdrettsnæringa under ein presentasjon på North Atlantic Seafood Forum nyleg.

Les: Animasjon eit viktig salsverktøy

– 3D er ein glimrande måte å synleggjera eit behov på, hevdar Bjordal.

– Visualiser ideen din før du brukar for mykje tid og pengar på å utvikla ein prototype. Når du har funne ein kjøpar, så kan du starta arbeidet med å utvikla ein prototype, råder IT-gründaren.

Raskare
Å få laga ein visualisering av ein ide går raskare enn å utvikla ein prototype. I dei fleste tilfella vil det også vera mindre kostnadskrevjande, ifølgje Bjordal.

Start med ideen. Lag ei skisse, gjerne på ein serviett. I visualiseringsprosessen vert det først laga ein 3D-modell med korrekte mål, men i liten skala. Modellen får lagt til lys, skugge og rett materiale og vert til sist presentert i ein animasjon.

Du avgjer
Men ingen 3D-visualisering vert betre enn opphavsmannen:

– Husk at det er din ide. Du må ha ein god historie som viser verda kvifor dei treng akkurat dette produktet, seier Bjordal.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s