Sotrastrilen ikkje klar for kinesisk filmkultur

Monsterfilmen The Great Wall, piloten på kinesisk-amerikansk samproduksjon innan film, fekk ei kort levetid på Sotra kino.

Kinesiske filmar har hittil vore for spesielt interesserte her i Norge. Hollywood-Qindao-samproduksjonen The Great Wall ser ikkje ut til å ha endra på det.

Kinesaren Dalian Wanda kjøpte nyleg Sotra kino saman med eit 80-tals andre kinoar i SF-kjeden. Til saman eig ein av Kinas rikaste menn 11.000 kinosalar kringom i Europa og USA.

Les: Sotra kino får kinesisk eigar

Kinesisk kultur
Wanda eig ikkje berre kinosalane. Han ønskjer også å produsera filmar basert på kinesisk kultur, og er medeigar i Kinas svar på Hollywood, det gigantiske filmstudioet Qingdao, ifølgje Amagasinet.

Ambisjonen er å laga filmar som sel like godt i Europa, som i USA og i Kina. Ein gigantisk marknad med heile 1,5 milliardar potensielle publikummarar.

The Great Wall
Monsterfilmen The Great Wall, med Hollywood-stjerna Matt Damon i hovudrolla, var pilotfilmen som skulle freista foreina dei tre svært ulike filmkulturane.

Filmen, som nyleg gjekk på SF Sotra kino, handla om ein europisk eventyrar sin kamp mot kinesiske monstre på 1050-talet, og hadde den kinesiske muren som kulisse.

Strategisk grep
At ein internasjonal storinvestor ønskjer å kontrollera heile verdikjeden innan kulturproduksjon er ikkje overraskande.

Men sjølv om Sotra kino har fått kinesiske eigarar, kjøper ikkje Sotrastrilen nødvendigvis alt han får servert av kultur. Sotrastrilen er ikkje klar for kinesisk filmkultur.

Flopp
The Great Wall hadde norsk premiere i februar, men vart snart teken av plakaten, på Sotra kino som på dei fleste andre norske kinoane, ifølgje kinosjef Rolf Øvretveit i SF Sotra kino.

Så langt har filmen vore ei flopp, med eit tap for produsenten på 75 millionar dollar, ifølgje Wikipedia.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s