Einarsen unnslapp uavhengig habilitetsvurdering

Dei vart skuffa, dei som hadde håpa at Kontrollutvalet i Fjell sitt engasjement i spørsmålet om kommunen sitt kjøp av 18 bustadar frå Sartorsjef og KDF-leiar Ernst Morten Einarsen, skulle føra til ei uavhengig vurdering av KDF-leiaren sin habilitet.

Sartorsjef og komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H) i KDF er ein av dei større leverandørane til Fjell kommune.

Ernst Morten Einarsen (H) er leiar for Komite for drift og forvaltning (KDF) i Fjell. Han er også dagleg leiar og eigar i Sartor Holding AS. Som leirar for største eigedomsaktøren i regionsenteret Straume er Einarsen også ein av dei større leverandørane til Fjell kommune. Berre i år kan Sartorsjefen forventa kommunale utbetalingar i storleik kring 30 millionar. I tillegg ligg han an til å inngå nye avtalar til ein verdi av minst 50 millionar kroner.

Les: Komiteleiar løyvde millionar til eiga verksemd

Tunnelsyn-initiativ
Kontrollutvalet i Fjell sette etter eige initiativ saka på sakskartet i kjølvatnet av nettavisa Tunnelsyn sin omtale av rådmannen sine planar om kjøp av 18 bustadar i eitt av Einarsen sine blokkprosjekt på Straume.

Les: Rådmann favoriserte politisk komiteleiar ved bustadkjøp

Kontrollutvalet behandla saka i går. Diskusjonen kom i hovudtrekk til å ha to dimensjonar: Behovet for å få gjennomført ei uavhengig vurdering av Einarsen sin habilitet, sett opp mot behovet for å kjøpa akkurat desse 18 bustadane.

Les: Komiteleiaren sitt bustadsal tema for Kontrollutvalet

Ekstern vurdering
Kontrollutvalet burde diskutera systemet i Fjell kommune og Einarsen sin habilitet i lys av det, innleia leiar Kristian Johannessen (FrP).

Men sidan Johannessen sjølv ikkje er jurist, medgav han at han ikkje har kompetanse til å avgjera eit slikt spørsmål. For å få til ei avklaring av korvidt alt har gått rett for seg, føreslo han at det burde gjerast ei form for ekstern vurdering av habilitetsspørsmålet. Korleis oppdraget skulle utformast, var han open for å diskutera.

Velkjent problemstilling
Svein Lie (A) tykjer det er leit at påstandar om samrøre mellom rådmannen og komiteleiaren heng i lufta. Lie viste også til at habilitet er ei problemstilling som dukkar opp med ujamne mellomrom. For nokre år sidan vart tre av dei faste medlemmane i Komite for plan og utvikling  ekskludert frå arbeidet med ny generalplan, under påskot av at dei var inhabile.

Les: Alle er like for forvaltningslova

– Opptrer ryddig
– Det var delte meiningar om den avgjerda, minnast Lie. På den andre sida meinte han at Einarsen opptrer ryddig i slike situasjonar. Arbeiderparti-veteranen var difor mest innstilt på å leggja saka død.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) følgte debatten. Ho la ikkje skjul på at ho sterkt mislikte at gründermediet Tunnelsyn har teke opp ein debatt som i liten grad kom til uttrykk under orienteringa i KDF, og at ho såg det som uheldig at Kontrollutvalet hadde teke opp saka.

– Fjell kommune har ingenting å skjula. Eit negativt omdøme skapar vi sjølv, hevda Bjorøy.

Ordføraren la heile si politiske tyngde i dreia diskusjonen vekk frå habilitetsspørsmålet og over til å få fram kvifor det er naudsynt for Fjell kommune å kjøpa akkurat desse 18 bustadane.

Kjøper for 100 millionar
Årets budsjett tilseier at Fjell kommune investerer inntil 100 millionar i kommunale bustadar. Delegasjonsreglementet gjev rådmannen og Bustadkontoret fullmakt til å gjennomføra kjøpa, orienterte Bjorøy.

Vanskeleg marknad
Å få kjøpa kommunale bustadar i Fjell har vore vanskeleg. Bustadkontoret har vore i kontakt med dei fleste utbyggjarane i Fjell, men dei fleste har vore lite villige til å selja meir enn 1 – 2 einingar.

– Det er sjeldan at kommunen har fått tilbod om å kjøpa så mange som 18 husvære i eitt prosjekt, sa leiar June Johannesen i Bustadkontoret.

Alt i alt har Fjell kommune kjøpt 49 bustadar i tillegg til det kontroversielle prosjektet på Straume siste åra. Fleirtalet er lokalisert på Ågotnes, men det er også eindel på Møvik, Angeltveit og i Blommen. I tillegg har dei gjort avtale med Fjell Bustadstifting om leige av 51 bustadar.

Les: Storkjøpar av bustadar

Flate vegen

Bakken opp til Straume Panorama frå Sartor Senter vert for bratt for ungdomane som etter planen skal bu i dei kommunale bustadane Bustadkontoret no kjøper på Straume.

I Straumeområdet har Bustadkontoret tidlegare kjøpt 10 husvære i Straumehagen (der Sartor Holding AS er medeigar red. mrk.) Dei har vurdert Straume Panorama, men fann at bakken opp frå senteret var for bratt for målgruppa som er meint å vera ungdom med bakgrunn frå barnevernet, eller som manglar økonomi til å kjøpa noko eige.

– Det er sjeldan vi får tilbod om så store prosjekt, midt i Straume, med flate vegen til Senteret og busstasjonen, sa Johannesen.

2 Comments

  1. Helt utrolig at en ikke benytter anbud ved bruk av så mye offentlige midler, slik at flere aktører kan komme med tilbud. Det er ikke første gangen en mistenker samrøre mellom kommunen og næringsinteresser i og rundt Sartor Senter. Dersom ordføreren hadde vært opptatt av omdømme til kommunen , som hun sier hun er,hadde en nettopp gransket forhold som dette. SKANDALE!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s