Vestnytt vil selja avishuset

Eigarselskapet Lokalavisene AS ønskjer å selja Vestnytt-bygget midt i indrefileten på Straume. Vert det noko av planane om sal til Fjell kommune, kan avisa henta ein økonomisk gevinst på fem millionar kroner.

Fjell kommune ønskjer å kjøpa Vestnytt-byggt på Skjenet på Straume for 15 millionar kroner.

-Ja, vi jobbar med å selja Vestnytt-bygget på Skjenet, bekreftar ansvarleg redaktør og dagleg leiar Terje Olsen i eigarselskapet Lokalavisene AS ovanfor nettavisa Tunnelsyn.

Strategi på konsernnivå
– Salet har bakgrunn i ei strategisk avgjerd i Schibsted-konsernet, som eig Vestnytt, om at lokalavisene ikkje lenger skal eiga fast eigedom, seier Olsen.

– For meg som dagleg leiar er det tidkrevjande å sitja som huseigar. Eg vil heller bruka tida på å laga avis, seier Olsen.

15 millionar
Komite for drift og forvaltning i Fjell skal neste veke ta stilling til kjøp av det 1.100 kvadratmeter store avishuset med 2,7 mål tomt på Skjenet på Straume for 15 millionar kroner. Kjøpesummen vert opplyst å vera marknadspris. Pårekna vedlikehaldsbehov for det 17 år gamle bygget er to millionar kroner, inklusiv installasjon av heis.

Kjøpet skal lånefinansierast.

Kontorbygg
Fjell kommune ønskjer å nytta Vestnytt-bygget til kontor. Den kommunalt eigde Fjell Bustadstifting leiger i dag kring 20 prosent av arealet.

Forlaget til avtale med Fjell kommune har kome i stand etter initiativ frå avisa i fjor haust, ifølgje sakspapira til KDF.

Leiga tilbake?
Avtaleframlegget som KDF skal ta stilling til inneber at Vestnytt får rett til å leiga tilbake 140 kvadratmeter av bygget i ein to-årsperiode. Korvidt avisa kjem til å nytta seg av denne retten, er ikkje avklart, ifølgje Olsen.

Han nektar likevel for at avisredaksjonen er på leit etter alternative lokale.

Økonomisk gevinst
Vestnytt er ei av dei mest velståande lokalavisene i landet. Tomtar, bygg og annan fast eigedom var i fjorårets rekneskap verdsette til 9,57 millionar kroner av ein samla eigenkapital på 23 millionar.

Eit sal til marknadspris vil innebera at den lokale Schibsted-avisa kan bokføra ein økonomisk gevinst på 5,4 millionar, samanlikna med den bokførte kapitalen.

– Salet betyr ikkje at Schibsted har planar om å henta inn kapital frå lokalavisa, avviser Olsen.

Les: Schibsted festar grepet om Vestnytt og Askøyværingen

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s