Den skjulte arbeidsløysa stig

Den tilsynelatande positive utviklinga på arbeidsmarknaden kamuflerer at stadig fleire mistar retten til dagpengar og dett gjennom velferdstaten sitt økonomiske sikkerhetsnett.

Tal på kor mange som har mista retten til dagpengar inngår vanlegvis ikkje i NAV sine månadsvise publiseringar av situasjonen på arbeidsmarknaden. Nettavisa Tunnelsyn har likevel fått tilgang til tala på førespurnad. Her Fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes. (Foto: NAV)

Det har skjedd eit tilsynelatande betring i arbeidsløysa i kommunane vestom Bergen siste månaden. Talet på registrerte ledige og på tiltak hos NAV er no 1703, mot 1773 ved utgangen av februar.

(Saka held fram under tabellen)

Ledige og tiltak februar Ledige og tiltak mars Endring Har mista dagpengane siste 3 mnd
Fjell 780 760 -20 33
Sund 200 190 -10 13
Øygarden 161 159 -2 5
Askøy 632 594 -38 29
Totalt 1773 1703 -70 80

Dett ut av statistikken
Parallelt med den positive utviklinga er det stadig fleire som fell ut av statistikken fordi dei har brukt opp dagpengeperioden, og som difor ikkje lenger ser nokon grunn til å senda meldekort til NAV.

80 personar
Siste tre månadane er det 80 personar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som har mista retten til dagpengar. Talet er stigande. Ytterlegare 148 personar står i fare for å mista dagpengane dei neste fem månadane dersom dei ikkje klarar finna seg nytt arbeid, ifølgje tal NAV har utarbeida på førespurnad frå nettavisa Tunnelsyn.

Les: NAV skjønnmålar arbeidsmarknaden

Kva som skjer med dei som dett gjennom velferdsstaten sitt økonomiske sikkerhetsnett, er usikkert. Nokre vel kan hende å ta vidare utdanning, eindel har ein partnar dei kan lena seg på, eindel har kan hende mogelegheit til å gå over på sjukepengar, andre vert avhengig av sosial trygd.

Les: Sjukefråværet aukar

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s