Fjell henta finansiering på Oslo Børs

Fjell kommune er ein av ni kommunar som har valt å låna pengar på Oslo Børs i første kvartal.

Oslo Børs – redninga for kommunar og fylkeskommunar med stort finansieringsbehov. Foto: Stein Henningsen.

Planar om store investeringar tilseier at Fjell kommune har eit aukande finansieringsbehov som ikkje kan dekkast gjennom lån i Kommunalbanken eller andre statlege låneinstitusjonar.

Oslo Børs har blitt løysinga. Hordaland fylkeskommune gjekk på børs i fjor vinter. No føl Fjell kommune etter.

122 millionar
I januar fekk kommunen notert eit obligasjonslån på 121,670 millionar kroner. Renta på det femårige obligasjonslånet er 0,56 prosent over utlånsrenta til Norges Bank.

Gjengangar
Hordaland fylkeskommune er ein gjengangar på Oslo Børs. Sidan debuten  for vel eitt år sidan, harfylkeskommunen notert seks obligasjonslån med ein samla uteståande verdi på 2,645 milliardar kroner.

Breiare investorbase
Heile 63 kommunar og fylkeskommunar har til no valt å notera låna sine på Oslo Børs. Det gjer dei mellom anna for å sikra betre lånevilkår og tilgang på ei breiare investorbase, ifølgje ei pressemelding frå Oslo Børs.

Les: Hordaland fylkeskommune går på børs

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s