Gjestekommentar: Hei, gründar!

Sjølvstendig næringsdrivande er ein hjørnestein i norsk økonomi. Dei skapar arbeidsplassar og byggjer framtida.

Sjølvstendig næringsdrivande skapar mangfald og gjev Norge fleire bein å stå på. Venstre vil styrka dei sosiale rettane deira, seier Terje Breivik i Venstre. (Foto: Mona Lindseth / Venstre)

Av Terje Breivik, Stortingsrepresentant for Venstre i Hordaland.

Torsdag leverte eg eit forslag for å gjere gründertilværelsen tryggare saman med Iselin Nybø, Sveinung Rotevatn, Ketil Kjenseth og Pål Farstad.

Eit oljeavhengig land som Noreg treng sjølvstendig næringsdrivande. Dei skaper mangfald og gjer oss fleire bein å stå på. Venstre vil at også dei skal ha sterke sosiale rettar, og forslaget inneber at:

💚 Pensjonssparing for sjølvstendig næringsdrivande og frilansere likestillast med innskotsgrensene for vanlege arbeidstakarar
💚 Sjukelønnsordninga for sjølvstendig næringsdrivande styrkast
💚 Effektane av ordninga som sikrar sjølvstendig næringsdrivande rett til dagpengar i eitt til tre år ved overgang frå lønnsarbeid til eiga verksemd utgreiast.

Å starte for seg sjølv er alltid ein risiko, men i Noreg har denne gruppa langt svakare sosiale rettar enn vanlege tilsette. Sjølvstendige har svakare pensjon- og sjukelønnsordningar enn andre. Det er ikkje haldbart i eit land som er avhengig av at mange tør å starte for seg sjølv.

Det tek ofte tid før sjølvstendige kan leve av det. Gode idear tek tid å utvikle. I Noreg kan ein i dag få dagpengar i etableringsfasen i inntil tolv månader, ei auke frå ni månadar som Venstre og Krf fikk gjennomslag for saman med regjeringspartia. Denne utvidinga har betydd mykje for mange sjølvstendige, og fleire kan fortelje at sjølv tolv månader er for kort tid. Det er gode grunnar til å utvide ordninga.

Venstres forslag om å styrka rettar for sjølvstendige er eit løft for dei som dagleg risikerer mykje for ein idé og eit forretningskonsept dei trur på. Sikring av sosiale rettar er spesielt viktig for kvinnelige gründarar. Skal fleire kvinner starte for seg sjølv må vi også ta eit krafttak – slik vi gjer med dette forslaget.

Framtida vår er avhengig av at folk tør å starte eige selskap. Det må bli tryggare å skape arbeidsplassar, og det er det vi gjer med dette forslaget.

Eg er på lag med framtida, er du med?

Advertisements

2 Comments

  1. Venstre føyer seg inn i rekken partier som gjerne vil heie frem nye bedrifter. Det er sikkert bra, men hvilket parti vil heie frem logistikkindustrien? Det er faktisk denne industrien som sørger for at det finnes varer i butikkene, byggevarer på byggeplassene og fasiliteter til de nye bedriftene. rollene som supporter og profil som LOGISTIKKPARTIET er ledig.

    Likar

    1. Her er det dei sosiale rettane til gründarane Terje Breivik føreslår skal verta likestilt med dei vanlege arbeidarar har. Forslaget hans vil også koma gründarar i logistikkbransjen til gode!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s