Krim for kommunestyret

Miljøhensyn, miljøhensyn, miljøhensyn! Dette rådet vart ein tidlegare olje- og energiminister sin bane i Hogne Hongset sin politiske triller Mafiela.

Engasjerande politisk triller om maktspelet bak Statnett sin konsesjon for å byggja kraftkabel til Storbritannia.

Dei folkevalde i kommunestyra i regionen får i desse dagar utdelt eit eksemplar av kriminalromanen Mafiela, skriven av Hogne Hongset.

Det er Industri Energi som står bak utdelinga. Fagforeininga tek i bruk den politiske trilleren som verkemiddel for å markera motstanden mot bygginga av kraftkabelen mellom Norge og Storbritannia. Ein kabel som vil auka straumprisen i Norge vesentleg, og som vil setja 12.000 arbeidsplassar i den norske kraftkrevjande industrien i fåre, ifølgje Industri Energi.

Historiske fakta
Mafiela er ein fiktiv spaningsroman, fortalt mot eit bakteppe av historiske fakta og korleis den norske kraftbransjen har utvikla seg etter at Energilova vart innført i 1990. Statnett fekk konsesjon for å bygga kabelen i 2014. Men korleis fekk dei no eigentleg den konsesjonen?

Hongset, som sjølv har jobba eit heilt liv i energibransjen, lanserer ein mogeleg forklaring, ut frå tankar om kor langt kyniske kraftdirektørar kan vera villig til å gå for å tena seg rike på nordmenn sin avhengighet av straum.

Ukonvensjonell teolog
Hovudperson i boka er vikarpresten Siri Wickstrøm. Ho får ros av enkja til tidlegare olje- og energiminister Fred Kvarme for den vakre tala i gravferda. Når Siri så får i oppdrag å skriva ministeren sin biografi, byrjar avsløringa av ein maktperson sitt hemmelege liv, med bankkontoar i skatteparadiset Seychellene.

Litt vel ordrik i starten, men presentasjonen av ein kvinneleg teolog fødd i Uganda, og velsigna langt frå publikum sine forventningar om prestestandens A4-persongalleri, engasjerer.

Overføringsverdi
Spaninga aukar ved at argumentasjonen for utbygging av kraftkablane til forveksling kan minna om den som i desse dagar vert brukt for å rettferdiggjera planleggjarane sitt forsøk på å konsentrera framtidig utbygging i Straumeområdet.

Forsøk på subtil påverknad? Lesverdig påskekrim.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s