Strides om verdiutviklinga på lakseaksjar

Har kursen på lakseaksjar passert toppen, eller kan aksjonærane håpa på ytterlegare vekst? Analytikarane er sterkt usamde.

Ein porsjon laks i veka for kvar amerikanar vil dobla den norske lakseeksporten til USA.

Etter jamn stigning i laksepris og aksjekurs gjennom heile fjoråret, har lakseprisen falle med kring 20 kroner etter nyttår. Kursen på aksjar i børsnoterte lakseverksemder har søkke tilsvarande. I mars sokk sjømatindeksen på Oslo Børs som ein daud fisk – ned heile 12,8 prosent.

Les: Trur på framleis laksefest

Norges einaste sjømatfond, Holberg Triton, er ned nær 4 prosent så langt i år.

Dei lærde stridest
Utviklinga får sjømatanalytikarane i dei leiande meklarhusa Nordea og Pareto til å stridast, ifølgje Finansavisen.

Nordea trur toppen er nådd, og at aksjonærane kan venta år med nedgang. Pareto meinar korreksjonen har gjeve eit godt grunnlag for kjøp.

Rekord i 2016
Snittprisen på laks for heile 2016 enda på rekordhøge 63 kroner, det doble av det tidlegare rekordnivået. Etter ein bratt stigning, og korreksjon ned, vakar lakseprisen no på snittnivået for fjoråret.

Kjøp
Så kvar går kursen vidare? Her strides meklarhusa:
– Sjølv om lakseprisen skulle falla ytterlegare ti kroner, vil lakseaksjane framleis vera fordelaktig prisa, hevdar Henning Lund i Pareto i ein rapport til aksjonærane før helga.

Pareto anbefalar kjøp på samtlege av dei børsnoterte sjømatselskapa.

Selg
Nordea spår ein snittpris for laks på 57 kroner for 2017, fallande ned mot 50 kroner.

Nordea er kun positiv til Austevoll Seafood, og nøytral til Bakkafrost.

Eksportmarknaden
Eventuelle gjennomslag for norsk laks på den amerikanske og den kinesiske marknaden vil har stor betydning på kva meklarhus som får rett, ifølgje Finansavisen.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s