Sandberg lyser krig mot lakselusa

Trafikklyssystemet for havbruksanlegg vil tre i kraft frå 1. oktober i år, lovar ein lakselusplaga Per Sandberg.

Fiskeriminister Per Sandberg satsar alt på at det kontroversielle trafikklyssystemet for havbruksanlegg vil få ønska effekt på lakselusproblemet.

Den frittalande fiskeriministeren var hovudtalar då Vest Næringsråd, i samarbeid med Fjell, Sund og Øygarden kommunar, inviterte til næringslivsdag med potensiale for havrommet som tema i dag.

– Det bles andre vindar langs Vestlandskysten enn i Nordnorge om dagen, innleia Sandberg føredraget for ein nær fullsett Bakscenen.

Les: Sandberg vil rasera grunnlaget for fiskemottaka

Norsk sjømateksport utgjorde i fjor 91,6 milliardar kroner. Går det som fiskeriministeren håpar og trur, vil verdien passera 100 milliardar dette året.

Hinder for vekst
Lakselusa er eit av dei største hindera for vidare vekst i havbruksnæringa, slik ministeren oppfattar situasjonen.

– Lakselusa plagar meg dag ut og dag inn, hevda Sandberg.

Trafikklyssystemet
I håp om å leggja press på næringa for å få bukt med problemet, tek Sandberg sikte på å innføra det kontroversielle trafikklyssystemet for havbruksanlegg 1. oktober i år.

System går i korte trekk ut på at oppdrettsverksemder med kontroll på luseplaga vil få grønt lys til å auka produksjonen med seks prosent. Anlegg som får raudt lys, vil verta nøydde til å trekkja tilbake anlegga.

– Modellen for måling av lakselus vil ikkje verta klar for innføring før i 2017, sa fiskeriminsteren. Han har lenge jobba intensivt med å få fram den kunnskapen som trengs for at trafikklyssystemet skal verta effektivt.

Det skjer mykje
Fiskeriministeren hadde mykje på hjarta. Norge er leiande på maritim og marin verksemd, og det skjer mykje innan fiskeri og havbruk om dagen.

Salet av kvitfisk har vakse med 75 prosent sidan 2012. No vil regjeringa leggja rammene for auka vekst. Om vi får det til, vil det kunna mangedobla verdien, hevda Sandberg.

Mesopelagisk fiske, og eksport av sjøpølser til Kina, er andre område fiskerimisteren har store forventningar til.

Les: Sjømat er framtida

Olje- og gass
Motvinden for olje- og gassnæringa har ført til tap av 1000-visa av arbeidsplassar på Vestlandet, men det betyr ikkje at vi er klar til å fase ut olje og gass, hevda fiskeriministeren.

Kunnskapen frå olje- og gassnæringa kan derimot brukast til å utvikla ny teknologi som kan auka verdiskapinga i havbruksnæringa, sa Sandberg som ikkje hadde tid til å delta i workshopen etter dei seks innleiande presentasjonane.

Noko som skjer
GCE Subsea er mellom dei som frontar den pågåande kompetanseoverføringa:

– Her er det viktig å få fram at dette er noko som skjer, det er ikkje berre luftige visjonar, sa dagleg leiar Owe Hagesæther i ein kort kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s