5,9 milliardar til Sotrasambandet

Samferdslepolitikarane haldt det dei lova i framlegget til NTP, men belutninga om å byggja sambandet som eit offentleg – privat samarbeid (OPS) kostar bilistane heile 825 millionar kroner ekstra.
(Saka er oppdatert)

Samferdsleminister Kjetil Solvik-Olsen har lagt fram eit forslag til Nasjonal Transportplan med samla investeringar på 1 064 milliardar kroner i åra 2018 – 2029.

Bygging av Sotrasambandet kjem i gang i første del av NTP-perioden, vert det bekrefta i Stortingsmelding 33 (2016 – 2017) som vart lagt fram i dag.

Les: Sotrasambandet øverst på NTP

Totalt får det 9,6 kilometer lange 4-felts brusambandet 5,925 milliardar statlege kroner til finansiering. Størsteparten av beløpet, 5,325 milliardar kroner, vert sett av i åra 2018 – 2024. Dei attståande 600 millionane kjem etter 2024.

OPS-kostnadar
Meirkostnadar til førebuingane til OPS-sambandet vert rekna til totalt 825 millionar kroner.

Les: 1 milliard per kilometer – reguleringsplan for Sotrasambandet lagt fram

Bompengar
I ei Stortingsmelding der Regjeringa skryt av at dei held bompengeandelen stabil, og varslar reduksjon i bompengane på eksisterande bompengesamband, føreset Regjeringa at Sotra-bilistane finansierer 4,5 milliardar kroner.

Dobling
Dei statlege løyvingane til infrastruktur vert meir enn dobla frå 2010 og til 2029, ifølgje forslaget til ny NTP.

 

 

 

 

Nye vegar, og vedlikehald av eksisterande, vil ta meir enn halvparten av totalsummen. Også vegpotten vil verta dobla i 20-årsperioden.

 

 

 

 

Kostnadskontroll
-1.064 milliardar er veldig mykje pengar. Her trengst det nøye konstnadskontroll. Vi kan ikkje berre la milliardane flyga, sa Solvik-Olsen då han la fram NTP-en.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s