Båt skal avlasta vegnettet under Sykkel VM

Folkefest, vegstengning og trafikkaos. Ei båtrute mellom CCB og Vågen i Bergen skal avlasta vegnettet på Sotra under Sykkel VM.

Arrangørane av Sykkel VM planlegg folkefest. I Fjell vil det verta lokale arrangement på Ågotnes, Kolltveit og Straume under fellesstartane avslutningshelga 23. og 24. september.

Sotra-og Øygardsstrilane må vera førebudde på vegstenging og trafikkale vanskar avslutningshelga under Sykkel VM, åtvara kultursjef Lennart Fjell i Fjell under dagens orientring for Formannskapet.

Kultursjefen koordinerer arbeidet mot beredskapstenestene; politi, brannvesen og legevakt i samarbeid med beredskapssjef Sveinung Nymark.

Kollektive løysingar
Sykkel VM skal vera ein folkefest. Her kan ein venta seg store folkemengder som vil ha behov for transport til om lag same tida.

Ein trafikkavviklingsplan står sentralt i forslaget til beredskapsplan som no er på høyring hos Politi og Statens vegvesen. Politikarane får den endelege beredskapsplanen på bordet før sommaren.

Vegstengning

Kultursjef Lennart Fjell førebur fjellsokningar og andre på at det vil verta vegstengningar 23. og 24. september.

Løypetraseen frå Rong via Ågotnes til Straume og rundt Sartor Storsenter vil verta stengt for alle bilistar i tre timar i samband med ritta 23. og 24. september. Laurdag frå klokka 8.30 til 11.30 og søndag frå klokka 9.30 til 12.30.

Av omsyn til beredskapen for brann og amublanse må publikum i tillegg venta trafikkregulering på Vestsidevegen og på Bildøyvegen i den same tida.

Båt frå CCB
Eit båtsamband mellom CCB og Vågen i Bergen skal inngå i løysinga i tilknyting til det avsluttande rittet søndag 24. september. Fellesstarten for menn vil heile 80 prosent av publikum prøva å få med seg, antek kultursjefen.

To båtar, med samla kapasitet på 310 passasjerar, vil gå i skytteltrafikk frå arrangementet på Ågotnes sluttar utpå dagen og fram til i 17 – 18-tida på ettermiddagen, fortel Fjell.

– Slik kan publikum få med seg syklistane både når dei passerer Ågotnes og når dei kjem i mål i Bergen, lova Fjell.

Som normalt
– Sykkel VM skal i minst mogeleg grad påføra innbyggjarane høgare risiko. Alle tenester og tilbod til innbyggjarane skal oppretthaldast så langt som råd, seier Fjell.

Folkefest
Lokale arrangement på Rong, Ågotnes, Kolltveit og Straume skal bidra til å gje publikum ei spektakulær oppleving av sykkelsporten og vertskommunane. Mykje folk vil vera samla på og ved løypa.

Worst case
– Beredskapsarbeidet må ta høgde for worst case. Kan hende kjem det så mange som 5.000 tilreisande til Sotra i samband med Sykkel VM. Veret vil få mykje å seia. Ingen veit, seier Fjell.

Arrangementskomiteen Bergen 2017 tek ansvaret for å fordela tilreisande bubilar kringom i vertskommunane. I verste fall vil kan vi venta at 800 av dei havnar på Sotra.

FjellVar skal ha ansvar for renovasjon og toalett i tilknyting til dei sokalla fansonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s