Kjøper Vestnytt-bygget på impuls

Rådmann Steinar Nesse i Fjell manglar oversikt over kva kommunen treng av kontorlokale og kva funksjonar som eventuelt skal få plass i Vestnytt-bygget.

Fjell kommune leiger kontorplassar for 10 – 15 millionar kroner årleg. Nokon oversikt over kor stort behov kommunen har, og kva funsjonar eventuelt som skal inn i Vestnyttbygget på Skjenet, har rådmann Steinar Nesse likevel ikkje.

Det mangla ikkje på skeptiske spørsmål då Komite for drift og forvaltning i Fjell i går drøfta spørsmålet om kjøp av Vestnytt-bygget på Skjenet på Straume for 15 millionar kroner.

Tilbod frå seljar
Saka kjem ikkje opp etter initiativ frå Fjell kommune. Det er Lokalavisene AS, eigarselskapet til Vestnytt AS, som har kontakta Fjell kommune med tanke på sal av det 11.000 kvadratmeter store kontorbygget midt i indrefileten på Straume.

Les: Vestnytt vil selja avishuset

Leiger for 10 – 15 millionar
Rådhuset på Straume er sprengt. Fjell kommune leiger årleg kontorplass for 10 – 15 millionar kroner i Straumeområdet, orienterte rådmann Steinar Nesse på spørsmål frå Knut-Tore Algrøy (KrF) og Kjetil Hansen (FrP).

Ukjent behov
Kor store kontorareal Fjell kommune treng, og kva kommunale funksjonar som skal få plass i bygget ein no vurderer å kjøpa, kunne rådmannen likevel ikkje svara på.

Kjøp av kontorbygg inngår heller ikkje som noko post i kommunen sin budsjett- og økonomiplan.

Kommunesamanslåinga
Spørsmålet vert komplisert av den føreståande kommunesamanslåinga. Først om eitt år kan ein rekna med å ha ei oversikt over den nye kommunen sitt behov for kontorlokaler, og kvar dei bør lokaliserast, ifølgje Nesse.

Utanfor Straume?

Hege Misje (SL) reagerer på at rådmannen i Fjell ikkje har orientert seg om kva andre kontorbygg som er til sals i kommunen.

Hege Misje (SL) ville vita om det kan tenkjast å vera andre ledige bygg i kommunen. Sotralista sin representant ville også vita korvidt det kan vera aktuelt å lokalisera nokre av dei kommunale funksjonane utanfor Straume-området.

Treng meir utredning
Mot Sotralista si røyst tilrår komiteen at Fjell kommune kjøper Vestnytt-bygget.

Før saka kjem opp til endeleg behandling i kommunestyret, har Rådmannen fått i oppdrag å utarbeida ein oversikt over kommunen sitt behov for kontorarbeidsplassar, og kvar dei bør lokaliserast.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s