Askøy og Fjell toppar elbil-statistikken

Askøy og Fjell er mellom dei ti kommunane i Norge med flest elbilar per 1.000 innbyggjarar.

Tesla sitt sporty design, spreke motor og null i offentlege avgifter apellerer, særleg til Asketappane.

Talet på elbilar har no passert 100.000 i Norge, framkjem det av SSB sin dagsferske oversikt.

Flest elbilar finst det, ikkje uventa i dei største byane. Meir overraskande er det kanhende at elbiltettleiken – talet på elbilar per 1.000 innbyggjarar – er størst i kommunar nær byar med bompengeringar der elbilar kan passera gratis.

Askøy ligg som nummer to i Norge når det gjeld talet på elbilar per 1.000 innbyggjarar. 1.958 elbilar inneber at kommunen har ein elbiltettleik på 67,9.

Les: Tesla-øya

Fjell ligg på 9. plass, med ein elbiltettleik på 40,7.

Les: Elbilane må betala i Sotrasambandet

Hordaland er tredje største elbilfylket i landet, med 16.171 bilar.

Salet av elbilar auka med heile 41 prosent i fjor, men framleis utgjer dei miljøvenlege køyretøya berre 3,7 prosent av alle norske personbilar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s