Planlegg for 2.500 tilreisande i Øygarden

I Øygarden ser dei for seg at 2.500 tilreisande vil finna det interessant å få med seg fellesstartane i Sykkel VM når startskota går på Rong Stadion.

Kulturleiar Christel Møvik-Olsen, brann og beredskapssjef Jan Gaute Haug og Jarl Martin Hestad i Øygarden byrjar få på plass beredskaps- og logistikkplanane i samband med fellesstartane under Sykkel VM. Th. Sylvia Haugland (TVØ).

Sykkel VM skal verta ein folkefest. Publikum skal kunna koma tett på løypa og tett på syklistane. Sjølve startområdet for fellesstartane 23. og 24. september på Rong vil vera ope for publikum.

Utfordring
Beredskapen og logistikken i samband med Sykkel VM vert ei stor utfordring, medgjev brann- og beredskapssjef Jan Gaute Haug i Øygarden. Saman med Jarl Martin Hestad orienterte han tidlegare denne veka formannskapet i Øygarden og status på arbeidet med beredskapsplanane.

Les: Båt skal avlasta vegnettet under Sykkel VM

Kjenna seg trygge
Innbyggjarane skal vera sikra tilgang til brannvesen, helsetenester og politi. Det vert utarbeida bemanningsplanar som tilseier at fødande som må på KK, eller andre som treng ta turen til Haukeland, kan kjenna seg trygge på å få den hjelpa dei treng, lovar Haug.

Køyr sakte
I Øygarden som i Fjell vil sjølve løypetrasen verta stengd for all biltrafikk ein periode medan ritta går. Mangelen på omkøyringsvegar gjer at publikum også i ei tid utover dette må rekna med at det vil vera berre eitt køyrefelt, og at det vert nedsett fartsgrense.

Parkering
Å planleggja for 2.500 tilreisande inneber mellom anna å skaffa parkering til 600 – 700 bilar. Med nøye oppmåling og dirigering reknar dei med å få plass til 300 – 400 bilar på Rong Stadion. Ytterlegare 300 kan få plass på det nedlagte ferjeleiet på Rong. Frå ferjeleiet skal det gå bussar kontinuerleg opp til startplassen på Rong stadion.

Småbåtar
Er veret fint, er det sikkert mange som vil velja å koma sjøvegen. Dei vil kunna leggja til ved ein midlertidig molo like nedanfor rådhuset. Det vil også verta laga til ekstra plassar for småbåtar ved Kjøpmannsvågen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s