Vil styrka demensomsorga på Kvednatunet

Kvednatunet bør oppgraderast og utvidast til ein rein demensinstitusjon med 60 heildøgns plassar. Bu og aktivitetssenteret bør verta eit kompetansesenter for geriatri og demens – ikkje nokon demenslandsby.

Sjukeheim og omsorgsbustader. (Foto: Fjell kommune)

Fjell treng styrkja tilbodet for eldre med demens. Bu og aktivitetssenteret Kvednatunet har i dag to avdelingar, kvar med 20 heildøgns plassar. Då fleirtalet av bebuarane er dement, ser omsorgssjef Line Barmen i Fjell behov for å omgjera sjukeheimen til ein rein demensinstitusjon, orienterte ho politikarane i Komite for drift og forvaltning tidlegare denne veka.

Ny avdeling
Det er behov for å gjera plass til ytterlegare 20 bebuarar. Kvednatunet har ein relativt rommeleg tomt, med store uteareal. Fjell Bustadstifting utarbeidar ein mogelegheitsstudie for å finna ut kor mykje meir areal som trengs for å realisera ein tredje avdeling, ifølgje Barmen.

Kompetansesenter
Politikarane i Fjell har vedteke at eldre, funksjonshemma og andre med behov for kommunal hjelp skal vera sjef i eige liv.

Demente treng dessutan individuell tilretteleggjing. For å få det til, ser omsorgssjefen behov for å auka kompetansen hos dei tilsette. Til støtte for arbeidet med å gjera Kvednatunet til eit kompetansesenter for demens og geriatri, har Fjell kommune fått ein million i støtte frå Helsedirektoratet.

Middagslukt
Mykje kan også gjerast for at bebuarane skal trivast betre.

Å få utvida kjøkkenet slik at dei kan laga middag sjølv, istaden for å få han tilkøyrt frå sjukeheimen på Straume, vil vera eit viktig trivselstiltak, understreka Barmen. Bebuarar som er i stand til det kan vera i aktivitet og hjelpa til, samstundes som dei får den appetittvekkjande middagslukta inn i romma.

Fysisk aktivitet
Å sitja i ein stol dagen lang er ikkje akkurat stimulerande. Kvednatunet bør oppgraderast, slik at det vert betre tilrettelagt for fysisk aktivitet for dei av bebuarane som har helsa til det.

Interiørarkitekten Erlend Bleken har utarbeida ein rapport om korleis senteret kan få eit meir heimleg preg.

Skifta namn
Politikarane tok orienteringa til etterretning. Einaste innvendinga var at omsorgssjefen bør burdera å erstatta omgrepet demenslandsby med noko meir positivt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s