Idretten vil på banen

Når får vi 18 hols golfbane, skøytehall og idrettspark på Ågotnes? Idretten sine vilkår må sterkare på banen i samband med planlegginga av den nye kommunen, meinar idrettsråda i Fjell, Sund og Øygarden.

Ein skøytehall i tilknyting til Sotra Arena er eit av dei framtidige prosjekta som Dan Christensen i Sotra Sportsklubb ser for seg.

Idrettsråda i dei tre kommunane møttes i helga til anleggs- og idrettskonferanse i Sotra Arena. Her møtte idretten sine representantar både politikarar og tilsette i kommuneadministrasjonane.

Står sterkt
Idretten står sterkt i kommunane vestom Bergen. Berre i Fjell aleine snakkar vi om 39 ulike idrettslag. Ikkje alle opplever at dei får nok treningstid innandørs.

Beate Husa (KrF) er leiar for komite for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylke. Ho reagerer på at det er langt færre fleirbrukshallar per innbyggjar i Hordaland enn i Rogaland.

I Hordaland har ein ein fleirbrukshall per 7.000 innbyggjarar, i Rogaland har dei til samanlikning ein hall per 5.000 innbyggjarar, ifølgje Beate Husa som representerte Hordaland fylkeskommune i tillegg til heimkommunen Sund.

Ta grep
Idretten må sjølv ta grep for å forma framtida. Sjølv om idrett og kultur ikkje vert prioritert i samband med kommunesamanslåinga, har idretten likevel høve til å påverka utviklinga gjennom felles innspel, sa Egil Haaland (A), ifølgje det utsende referatet frå møtet.

Tenkja langsiktig
Spørsmåla kva har vi av anlegg? Og kva treng vi av anlegg stod sentralt, ifølgje referatet.

Det er viktig å tenkja langsiktig. Ikkje berre ut frå dagens situasjon, men også med auge for morgondagens behov.

Les: Ta heile Nordre Fjell i bruk

Skøytehall på Straume?
Å få avsett areal i kommuneplanen til nye anlegg er viktig. Ein må også ta høgde for eit framtidig behov for anlegg til idrettar ein i dag ikkje driv, som til dømes ein skøytehall i tilknyting til Sotra Arena, ifølgje Dan Christensen i Sotra Sportsklubb.

Finansiering og eigarskap av nye anlegg var andre tema på konferansen.

Les: Offentlege prestisjeprosjekt i kø for Atle Ulveseth

Felles plan
For at idretten skal få føreseielege vilkår bør det utarbeidast ein felles plan som oppsummerer behov, bygging og drift av nye og noverande anlegg i den nye kommunen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s