Er det nokon som snakkar om bustadboble?

Det er for tida fleire bustadar til sals i Straume-området enn i pendlarbyane i Oslo-området.

Straumsfjellet Panorama er eitt av dei sentrale blokkprosjekta i Straume-området der salet går tregt.

 

Rekordhøg arbeidsløyse og redusert fokevekst har ikkje lagt nokon dempar på byggjeaktiviteten i Fjell.

Les: Den skjulte arbeidsløysa stig

Les: Askøy dreg frå i folketal

Ifølgje Finn.no er det for tida 321 bustadar til sals i kommunen. Ein samanlikning av tala på Finn.no med det utbyggjarane sjølv annonserer, vitnar om store mørketal, og at det reelle talet kan nærma seg 400.

Straume
To tredelar av bustadane er nye blokkleilighetar i det sentrale Straume-området.

Uansett kor mang bustadar Fjell kommune kjøper, held talet på bustadar til sals berre fram med å auka.

Les: Storkjøpar av bustadar

Lanseringa av to store, nye prosjekt, Straumeparken og Bukkane på Søre Straume, den siste månaden bidreg til at det no er fleire bustadar til sals på Straume enn i dei fleste pendlarbyane i Oslo-området.

Les: Rådmannen favoriserer politisk komiteleiar ved bustadkjøp

Pendlarbyar
I presskommunane i det sentrale Oslo-området har kjøparane langt færre bustadar å velja mellom enn i Fjell. I etablerte kommunar som Asker er det til samanlikning berre 65 bustadar til sals, i Bærum 77.

Av pendlarbyane til Oslo, kan ikkje Drammen, Moss eller Sarpsborg konkurrera med Straume når det gjeld byggjeaktivitet. Utvidar vi talmaterialet til å omfatta heile Fjell, overgår byggjeaktiviteten hos oss også den i Sandefjord, Tønsberg og Fredrikstad.

Litt meir fart er det i byggjeaktiviteten i Ullensaker, med 314 bustadar.

Rogaland
Målt i talet på bustadar til sals, ligg Hordaland på andreplass i Norge. Med vel 2.600 einingar til sals vert vi berre slått av krisefylket Rogaland der kjøparane for tida kan velja mellom heile 4.026 bustadar. Størst er tilbodet i Sandnes (714) og Haugesund (413).

Også Sørlandskommunen Arendal (532) ser ut til å ha vesentleg fleire bustadar til sals enn det folkeveksten tilseier.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s