Sartor Storsenter avanserer

Sartor Storsenter klatrar på oversikten over norske handlesenter med størst omsetnad.

Nyopninga av det renoverte handlesenteret gav Sartor Storsenter ein meirsalseffekt som bidrog til ein omsetningsauke på 64 millionar kroner i første kvartal samanlikna med same perioden i fjor.

Ein auke i salet dei tre første månadane i år med 16,6 prosent, eller 64 millionar kroner, samanlikna med same perioden i fjor, førte Sotrastrilane sitt eige handelsenter opp frå ein 11. til ein 9. plass på den nasjonale rangeringa, ifølgje Finansavisen.

Til saman omsette dei 170 butikkane i handelsenteret for 444 millionar kroner i første kvartal.

To faktorar bidrog til veksten, ifølgje Finansavisen. Nyopninga av det renoverte senteret på forsommaren i fjor, og tre ekstra handledagar i mars i år.

Hard konkurranse
Konkurransen handlesentrene i mellom om å ha største omsetnaden er tøff. I snitt auka dei 60 mestselgjande sentrene omsetnaden med 2,6 prosent. Med ein vekst tilsvarande snittet, ville Sartor ha havna på ein 16. plass.

Klarar dei halda tilsvarande vekst resten av året, ligg dei derimot godt an til å avansera til ein 5. plass.

Lagunen
I Bergens-området held Lagunen framleis leiartrøya. Ein svikt i omsetnaden på 5,7 prosent, ned til 630 millionar kroner, innebar eit fall frå ein 2. til ein 3. plass i nasjonal samanhang.

Vestkanten og Åsane Storsenter ligg på 18. og 19. plass på den nasjonale oversikten, ifølgje Finansavisen.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s