Kjell Rune Garlid, kommunestyrerepresentant for Sotra Lista i Fjell, ser gjerne at det vert ei felles bygdaliste for Fjell, Sund og Øygarden i den nye kommunen.

Tjeldstø, Telavåg og Skålvik. Bygdene i det som i dag utgjer Fjell, Sund og Øygarden vil ha eigne interesser å ivareta i ein ny storkommune der dei nasjonale partia jobbar for ei heftig sentralisering på Straume, hevdar Kjell Rune Garlid til nettavisa Tunnelsyn.
Maktfaktor
Garlid har i fleire valperiodar representert Sotra Lista i kommunestyret i Fjell. Vallista har fire representantar i kommunestyret i denne perioden, og utgjer dermed ein betydeleg politisk maktfaktor.
Må favna alle
– Skal ei bygdeliste ha nokon funksjon i den nye kommunen, må ho omfatta alle delane av kommunen, ikkje berre grendene i det som i dag utgjer Fjell kommune, seier Garlid.
– Det er behov for ei felles, upolitisk liste som kan ivareta interessene til alle grendene i den nye kommunen ovanfor sentraliseringa på Straume, seier Garlid.
Intern diskusjon
Saka har ikkje vore tema for nokon formell diskusjon internt i Sotra Lista. Garlid har vil no ta temaet opp med dei øvrige medlemmane.
Kva tenkjer dei i Øygarden?
Det finst i dag to bygdelister innanfor grensene til den nye kommunen.
I Øygarden er TVØ største partiet med seks representantar og ordføraren. Kva dei tenkjer om det politiske livet etter kommunesamanslåinga i 2020, er ikkje kjent.
Sotra Lista såg dagens lys i 1989.