Få klager i eldreomsorga – eldre fryktar represaliar

Det er få som klagar på vedtak innan eldreomsorga. Ei av forklaringane kan vera at dei eldre fryktar straffereaksjonar.

I tre av ti klagesaker om tildeling av sjukeheimsplass eller helsetenester i heimen, fekk klagaren medhald hos fylkesmannen i Hordaland i fjor.

Fylkesmannen i Hordaland er klageinstans på kommunale vedtak som gjeld tildeling av sjukeheimsplass og helsetenester i heimen.

Askøy og Sund er mellom dei 12 kommunane i Hordaland som fekk klager på eitt eller begge områda i fjor.

Høg terskel og mange brukarar
Terskelen for å få langtidsplass i institusjon er høg i mange kommunar, og mange eldre har vedtak om hjelp frå heimetenestene. Likevel fekk fylkesmannen i Hordland berre 38 klager i fjor.

Heile 28 av klagene gjeldt plass i sjukeheim. Ti gjaldt kommunale vedtak om tildeling av helsetenester i heimen.

Lite klageføre
Søkjarane om sjukeheimsplass og helsetenester i heimen er eldre og har svekka helse. Eindel er dement. Brukargruppene er som oftast er lite kjende med rettane sine. I seg sjølv ei forklaring på dei få klagene.

I eit fleirtal av sakene er det dei pårørande som klagar.

Redd for å klaga
Eindel er også redde for å klaga, avdi dei fryktar at det kan gjera situasjonen verre.

– Fylkesmannen har aldri erfart at nokon blir ”straffa” for å klage, men høyrer ofte argumentet, og veit at ein del eldre er redde for dette, skriv fylkesmannen på heimesidene sine.

Tre av ti fekk medhald
Dersom eit vedtak er i strid med Pasient- og brukarrettslova, skal fylkesmannen omgjera vedtaket, eller senda saka tilbake til kommune for ny behandling.

I tre av ti klagesaker i fjor fann fylkesmannen at det var grunn til å oppheva eller endra kommunen sitt vedtak.

Rom for skjønn
Lova har strenge reglar for når fylkesmannen kan overprøva kommunane. Sidan kommunane har større rom for å utøva fagleg skjønn i omsorgssaker enn i helsesaker, har klageinstansen tilsvarande mindre rom for å kunna omgjera omsorgsvedtak, skriv fylkesmannen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s