Kva får du for ein halv milliard?

Den statlege avgiftspolitikken har løna kjøparane av den elektriske sportsbilen Tesla Model X med ein halv milliard kroner.

Regjeringa sin avgiftspolitikk premierer kjøparane av dei aller dyraste elbilane.

Regjeringa sin avgiftspolitikk går ut på å subsidiera kjøparane av elektriske bilar. Dei slepp mellom anna unna meirverdiavgifta, både på sjølve bilen og på ekstrautstyr.

Grenselaus ordning
Noko øvre grense på avgiftsfritaket finst ikkje. Resultatet er at dei nær 2.200 kjøparane av sportsbilen Tesla Model X, som i snitt kostar kring 1,4 millionar kroner, har sluppe å betala ein halv milliard i avgifter til staten, har Dagens Næringsliv rekna ut.

Dette kunne vi fått
Ein halv milliard kroner tilsvarar tredelen av årsbudsjettet til Fjell kommune. Med ein halv milliard ville vi ha kunna finansiert ein stor, ny barneskule, eller betalt det nye reinseanlegget for Litle Sotra slik at brukarane kunne fått rimelegare avgifter.

Med ein halv milliard kunne vi ha fått unna køane av dei som ventar på sjukeheimsplass, og ytt gratis hjelp i heimen til alle som treng det.

Revudera poltikken?
I budsjettforliket sist haust krangla regjeringa med Venstre og KrF om småpengar. Lista over alternative føremål å bruka ein halv milliard på, både i nærmiljøet og på landsplan, er lang.

Både KrF og Arbeidarpartiet meinar no at det er på tide å revurdera subsidieordninga av dei aller dyraste elbilane, ifølgje næringslivsavisa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s