– Du treng ikkje dra langt for å nyta påskesola!

Strålande start på påskeferien for heimeverande strilar.

Det vert vår dette året også! I den skjerma sørhellinga opp mot Veten blømer kvitveisen.

Sotrastrilar som haldt seg heime dei første påskedagane fekk vergudane på si side. Når vi dessutan er velsigna med eit urørt turterreng like utanfor stovedøra, er det berre ein ting å gjera – koma seg vekk frå ovnskroken og ut i sola.

Få stadar på Sotra er like idyllisk som dette partiet ved grinda til Morland.
Den beste reklamen for vårt lokale turterreng: Varaordførar og speidar Tom Georg Indrevik nytte vårsola saman med familien undervegs frå Kolltveit til Gardafjellet. – Du teng ikkje dra langt for å nyta påskesola, smilte han.
Fleire stadar langs den gamle kyrkjevegen frå Fjell til Morland går stien heilt i vasskanten.
Sporden mot Shetland og nasen mot Masfjorden. Frå toppen av Veten (284 moh) har du utsikt mot 34 kommunar.
Redd for å verta våt på beina? Det er vått i marka, men Sund Turlag har lagt kloppar over dei våtaste partia opp mot Veten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s