Olje- og energiminister Terje Søviknes: – Oljealderen er ikkje over

Olje- og energiminister Terje Søviknes forventar nye norske offshoreprosjekt til ein samla verdi av 175 milliardar kroner neste halvanna året. I Askøy håpar dei å kunna henta heim milliardar til lokal industri.

Framo er eit av industrilokomotiva på Askøy som skal bidra til å sikra fleire oppdrag til kriseramma vestnorske offshoreverksemder.

Olje- og energiminister Terje Søviknes har fått i oppdrag frå Regjeringa å snakka opp den norske offshoreindustrien. I dag møtte han eit lydhøyrt publikum i leiinga i dei tunge industriverksemdene i Askøy, med ordførar, rådmann og næringssjef i spissen.

– Olje og gass vil vera den dominerande havnæringa i mange år. Det er eit feilspor å seia at næringa har utspelt si rolle, hevda Søviknes.

Energibehovet veks
Parisavtalen inneber at verda må kutta utsleppa av CO2 betydeleg. Det må vi ta inn over oss. Klimamåla utgjer ein reell utfordring, og inneber at vi må leggja til rette for ein dramatisk auke i produksjonen av fornybar energi. Men olje og gass vil framleis dekka 40 prosent av verda sitt energiforbruk i 2050, ifølgje IEA, sa Søviknes.

– Vi er nøydd til å ha to tankar i hovudet samstundes, konkluderer olje- og energiministeren.

Konkurransedyktig

– Oljealderen er ikkje over. Olje- og energiminister Terje Søviknes planlegg å godkjenna nye planar for utbygging og drift til ein samla verdi av 175 milliardar kroner neste 18 månadane.

Korreksjonen av oljeprisen har vore tøff for norsk industri, for alle dei som har mista jobben og som må omstilla seg. Korreksjonen var likevel nødvendig for å styrka norsk konkurransekraft, hevdar Søviknes som no meinar å sjå slutten på elendigheita.

Ein høg norsk-andel i nye prosjekt viser at leverandørindustrien har kome ned på eit akseptabelt kostnadsnivå. Ein break-even kostnad på 35 dollar fatet på Johan Castberg viser at vi er konkurransedyktig sjølv mot amerikansk skiferolje, hevda Søviknes.

175 milliardar
10 nye planar for utbygging og drift dette året, og enno fleire neste år, inneber at olje- og energiministeren forventar å godkjenna nye prosjekt på norsk sokkel til ein samla verdi på 175 milliardar kroner dei komande 18 månadane.

Homesourcing
På Askøy har dei like godt gjort ein vri på klimabevegelsen sitt motto: Handla lokalt, tenkja regionalt, i håp om å henta heim mest mogeleg av dei komande oppdraga til kriseramma vestnorsk industri.

Bak tiltaket Homesourcing står dei internasjonalt leiande leverandørverksemdene Framo, OneSubsea, Karsten Moholt, saman med Frydenbø Industrier, Apply Lervik og Intermec. Samla omset dei for 8 – 9 milliardar kroner i året.

Tanken er at dei store verksemdene i auka grad skal kunna kjøpa delane dei treng til produksjonen hos lokale industriprodusentar.

– Vi håpar å kunna henta heim 20 prosent av verdiane, seier næringssjef Tore Dale i Askøy til Tunnelsyn.no.

Stort potensiale

Ordførar Terje Mathiassen (A) i Askøy har store forventningar til Homesourcing-prosjektet dei store industrilokomotiva på Askøy dreg i gang for å sikra auka leveransar til lokal industri.

Forprosjektet, som går ut på å kartleggja kvar dei store verksemdene kjøper ulike typar delar, og kva som må til for at lokale verksemder skal vera aktuelle som leverandørar, har fått 490.000 kroner i støtte frå Hordaland fylkeskommune.

– Små og mellomstore verksemder utgjer 99 prosent av norsk næringsliv, og dei står for halvparten av verdiskapinga. Det inneber at SMB-verksemdene har eit stort potensiale for vekst, ifølgje kommunikasjonssjef Roy Strømsnes i Siva.

Norsk katapult
Den statlege næringshage-aktøren var tilstade for å førehandslansera støtteordninga Norsk Katapult. Eit tiltak som har fått øyremerka 50 millionar kroner i årets statsbudsjett og som skal bidra til raskare industrialisering, og å byggja bru mellom forsking og marknad.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s