Dagens sleivspark: Feilslått sykkel-satsing

Arrangørane av Sykkel-VM slit med å finna sponsorar til det dei påstår er eitt av verdas mest populære idrettsarrangment.

Thor Hushovd sine bragdar i Sykkel VM i Australia i 2010 bragte arrangementet til Norge i 2017. Inntekter er det verre med.

Rekninga kjem på 200 millionar kroner. Sponsorane har førebels berre teikna seg for 18 millioner – halvparten av det budsjettet legg opp til, ifølgje BT.

Storparten av rekninga fell på det offentlege. Kommunane, Hordaland fylkeskommune og staten må totalt ut med 142 millionar.

I tillegg legg dei optimistiske arrangørane opp til at 1000-vis av frivillige skal jobba for millionar – utan å motta eit øre i løn.

Når Bergensområdet skal arrangera eit av verdast mest populære meistarskap, held det ikkje med fleire 100 millionar TV-sjåarar. Vi treng arbeidsplassar og inntekter, ikkje enno eitt kostnadssluk.

Det må då vera nokon – ein eller annan stad – som tenar pengar på dette arrangementet?

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s