OneSubsea får styreleiaren i GCE Subsea

Jon Arve Sværen er oppnemnt til ny styreleiar i undervassklynga GCE Subsea.

Ny styreleiar i GCE Subsea, Jon Arve Sværen.

Til dagleg er Sværen visepresident med ansvar for forretningsutvikling i den internasjonale offshoregiganten OneSubsea, med hovudkontor i Houston og nytt norsk hovudkontor på Askøy.

OneSubsea er eit av verdas største offshoreselskap, eigd av Schlumberger, og resultatet av oppkjøp av mellom anna Framo Industrier og Cameron.

Verd å satsa på
Sværen sin hovudoppgåve vert å overtyda publikum, og ikkje minst oppveksande ungdom, om at undervassteknologi, trass nedturen dei siste åra, har ei lysande framtid, og at Norge framleis er i front når det gjeld å utvikla nye løysingar.

Les: -Oljealderen er ikkje over

Samarbeid
GCE Subsea er ein medlemsorganisasjon beståande av eit hundretals små og store verksemder, dei aller fleste langs Vestlandskysten.

-Samarbeid er ein undervurdert og altfor lite brukt ressurs, seier Sværen, og gjev honnør til det organisasjonen har fått til på området i dei ti åra han har eksistert.

Utfordringar
Han legg ikkje skjul på at undervassindustrien har store utfordringar, både når det gjeld marknadssituasjonen og kostnadsnivået, men at verksemdene alt har kome eit godt stykke på vei når det gjeld å finna løysingar.

Tidlegare styreleiar Tove Ormevik held fram som styremedlem i GCE Subsea.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s