Tryggare skulevegar

Ebbesvikvegen og Erdalsvegen er to av skulevegane i Hordaland som får fylkeskommunale midlar til trafikksikring.

Fylkeskommunen har sett av to millionar til å tryggja skulevegen frå Ebbesvik til Snekkevik.

Det vert sett av to millionar kroner til utbetring av eit 460 meter lang strekkje av Ebbesvikvegen, har utval for miljø og samferdsel i Hordaland vedteke i dag.

13 vegar
Vegen er ein av 13 fylkesvegar som får midlar til trafikksikring av strekkjer som vert nytta som skuleveg. Pengane skal brukast til å auka vegbreidda, opparbeida fortau og murar, samt grøfting, lys og ei avkøyrsle.

Erdalsvegen
På Askøy får Erdalsvegen, på strekkja mellom Erdal barneskule og Erdal ungdomsskule, 2,2 millionar til opparbeiding av fortau, gangfelt og lys.

Fekk søknad om 58 millionar
Til saman øyremerka utvalet 20 millionar kroner til å trygga skulevegar i fylket.

Behovet er langt større. 23 kommunar sende inn 38 søknadar om totalt 58,3 millionar kroner, melder Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s