Klare til å erobra havrommet

Inn under isen i Arktis, og ned på store havdjup. Medlemmane i GCE Subsea har ambisjonar om å vera mellom pionerane som set nye milepælar innan overvaking i havrommet.

Autonome undervassfarkostar vert stadig mindre, får stadig lengre rekkjevidde og kan vera i drift stadig lengre tid. Her vert ein av dei sjøsett. Foto: Center for Marine Robotics.

I Havmeldinga trekkjer Solberg-regjeringa opp ein strategi der Norge er leiande innan erobringa av havrommet. Medlemmane i subsea-klynga på Ågotnes er klare til å gå laus på å konkretisera innhaldet i strategien.

Overvaking
Eit aukande tal subsea- og havbruksinstallasjonar tilseier eit aukande behov for overvaking, både av sjølve installasjonane, men også av miljøet dei er utplasserte i.

Samstundes veit vi lite om kva havet, som dekkar 70 prosent av overflata på jordkloden, eigentleg skjuler av ressursar som mesopelagisk fisk, algar, sjeldne metall og uutnytta energiførekomstar. Ein kunnskapsmangel som hovudsakleg skuldast at havforsking til no har vore ein ressurskrevjande og kostbar aktivitet, reservert for dei få.

Teknologiinnovasjon
Til å overvaka installasjonane og til å utforska havrommet krevst ny teknologi. Onsdag denne veka henta GCE Subsea difor nokre av verdas leiande teknologiinnovatørar på området til Bergen. Dagen var sett av til å skissera og drøfta kva som kan vera mogeleg å få til, og kva behov marknaden kan tenkjast å ha.

Medlemmane i GCE Subsea har ambisjonar om å vera verdsleiande når den nye teknologien skal utviklast.

Robotar
Robotar skal vera menneska sine auge og øyre i havovervakinga. James Bellingham, direktør ved Center for Marine Robotics Wood Hole Oceanographic Institution i USA, spår ein nær føreståande eksplosjon i utvikling og bruk av havgåande robotar.

Slike sjølvgåande, ubemanna farkostar (AUV) kan oppsøkja område menneskjer vanskeleg kan ferdast. Utviklinga går i retning av stadig mindre farkostar, som kan ferdast over stadig lengre avstandar, og som kan vera operative i stadig lengre tid.

– Robotane vil erstatta skip for å samla informasjon frå havet, spår Bellingham.

Gjer det utenkjelege mogeleg
Oppgåva representerer ei tverrfagleg utfordring. Slike farkostar vil vera mogeleg å konstruera ved å kombinera dei siste teknologiske landevinningane innan kommunikasjon, energiforsyning og kunstig intelligens.

Når det gjeld kommunikasjon har den enorme utviklinga innan akustikk, optiske sensorar og mikrofiber siste tiåret mogeleggjort bruksområde som for få år sidan var utenkjelege, ifølgje Bellingham.

Energi frå miljøet
Energi til framdrift og informasjonsinnsamling må robotane henta ut frå det omkringliggjande miljøet. Alternative er mange: Frå bøyer som genererer energi frå bølgjene, frå seglande dronefly eller frå sediment på havbotnen.

Å finna ut kva som vil gje den mest effektive løysinga, vil vera ei sentral oppgåve for teknologiutviklarane.

Kunstig intelligens
Utplasserte sensorar på robotane vil generera enorme mengder data. Å få informasjonen sendt tilbake til roboteigaren i sanntid vil gje grunnlag for utvikling av prognoser som kan føresjå endringar, til dømes i behovet for vedlikehald av havbotninstallasjonar. Slik kan ein få grunnlag for å innføra tiltak når behovet tilsier det, istaden for i henhald til faste intervall.

Innan havforskinga kan dataene nyttast til å føresjå endringar i ver- og straumtilhøve.

Les: Vil selja merdmeldingar til oppdrettsnæringa

Store investeringar
Å få til auka verdiskaping i undervassindustrien vil krevja store investeringar, påpeika Siddi Wouters frå Technip FMC.

Skal ein lukkast vil det krevja innsats frå mange fagområde. Til gjengjeld vil løysingane kunna koma til nytte på mange felt, føresett at dei er baserte på opne system, og kan nyttast på mange ulike plattformar. Løysingane bør også vera skalerbare.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s