Søkjer seg til havet

Stadig færre unge søkjer seg undervasstudiet ved Høgskulen på Vestlandet. Dei som alt er inne i systemet kan derimot godt tenkja seg å utvida dei framtidige arbeidsmogelegheitane til å omfatta heile havrommet.

Stadig færre unge ser for seg ei framtid innan olje- og gass når dei vel høgare utdanning.

Bekymringa for rekrutteringa til olje- og energibransjen har nådd heilt opp til ministernivå. Olje- og energiminister Terje Søviknes uttrykte tidlegare denne veka behovet for å understreka at oljealderen vil halda fram i mange år.

Les: -Oljealderen er ikkje over

Søknadstala til samordna opptak til universitets- og høgskuleutdanning denne våren viser at det er kan vera grunn til beymring: Ungdomane flokkar ikkje lenger til utdanningane innan olje- og gass. For andre året på rad har søkjartala gått ned.

Undervasstudiet
Berre 264 ungdomar søkte seg til dei 49 studieplassane på undervasstudiet ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Bergen denne våren. Det er meir enn ei halvvering av søkjartalet på to år.

Berre 17 av søkjarane i Bergen hadde studiet, som rettar seg mot drift og vedlikehald av olje- og gassinstallasjonar på havbotnen, som sitt første val.

Til dei 34 studieplassane i Florø hadde det berre meldt seg 20 søkjarar totalt. Av dei var det fem som hadde undervasstudiet som første val.

Interesse for havteknologi
Nytt av året er ein master i havteknologi ved UiB. Studiet omfattar måle- og styringsteknologi i havrommet, og gjev grunnlag for framtidig arbeid innan så forskjellige område som havovervaking, fiskeri og havbruk, klimaforsking og fornybar energi i tillegg til petroleumsutvinning.

Les: Med ROV i fiskemerda

Til dei 15 plassane på masterstudiet hadde det meldt seg heile 335 søkjarar. Av dei hadde 35 havteknologi øverst på ønskjelista.

Brei nedgang
Undervasstudiet var ikkje den einaste olje- og gass-relaterte utdanninga som fekk merka redusert interesse hos ungdomen denne våren. Også studia i petroleum- og prosessteknologi ved UiB, Olje- og gassteknologi ved NTNU og Petroleumsteknologi ved UiS hadde vesentleg færre søkjarar enn siste åra.

Les: Dramatisk fall i søkjartala til undervasstudiet

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s