Vil selja vatn til Marokko

CCB Zamakona planlegg å produsera og selja vatn til tørkeramma Marokko frå utrangerte boreriggar oppankra ved den norskeigde offshorebasen i Las Palmas.

På randa av Sahara, har Marokko eit tilnærma uendeleg behov for vatn.

Det er administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS på Ågotnes som seier dette til nettavisa Tunnelsyn.no.

Veldig kreativitet
Nedgangstidene har ramma CCB si baseverksemd hardt, ikkje berre i Norge. CCB Zamakona, den nye basen på Gran Canaria, har ikkje fått den flying starten dei norske medeigarane hadde håpa.

– Det store behovet for omstilling i heile organisasjonen har utløyst ein veldig kreativitet, seier Andreassen.

Nytt nettverk
Frå Kanariøyane er ikkje avstanden lang til Marokko, og til resten av det afrikanske kontinentet.

– Gjennom satsinga på Gran Canaria har CCB, med vår norske offshorekompetanse, fått innpass i eit nytt nettverk som strekkjer seg over store delar av Vest-Afrika, og som har heilt andre behov, konstaterer Andreassen.

Vatn og kraft
I kongeriket Marokko går kontaktane heilt til topps. Landet på randa av Sahara-ørkenen har eit tilnærma uendeleg behov for vatn. No planlegg det lokale dotterselskapet CCB Zamakona, der CCB eig 40 prosent, korleis utvalde, nyare boreriggar som truleg aldri meir vil koma i produksjon, i staden kan byggjast om til å produsera vatn og energi.

Det nye nettverket omfattar også kontaktar i Senegal, litt lenger sør på det afrikanske kontinentet. Hit kan det vera aktuelt å selja både vatn og energi.

Flyttbare
– Spanande prosjekt, om vi får det til, seier ein håpefull Andreassen.

I byrjinga var han skeptisk: Om det er så einkelt, kvifor er ikkje dette gjort før?

Avsalting av sjøvatn vert i dag gjort både på land og ombord på skip, mellom anna på Gran Canaria.

Å nytta flytande riggar til føremålet kan likevel ha mange fordelar, slik Andreassen ser det: Riggane toler bølgjene bra. Dei kan liggja nær byen, utan å oppta stor plass. Dessutan kan dei flyttast, dersom marknadstilhøva tilseier det.

Store investeringar
Ei verkeleggjering av planen om å produsera og selja vatn til Marokko vil også krevja etablering av ein rørbasert infrastruktur frå plattforma og inn til land.

Saman med kjøp og ombygging av ein rigg, vil heile prosjektet krevja investeringar i storleik kring halvannan milliard kroner, ifølgje Andreassen.

Les: – Legg vassleiding til Europa

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s