Helgeturen: Børnestangen

Børnestangen heilt sør i Sund er rette staden dersom du ønskjer å nyta dei reine strendene på Sotra denne våren.

Ikkje på 50 år, minst, har badevikjene på Sotra vore så reine!

Ikkje på femti år – minst – har Sotrastrilen kunna nyta godt av så reine strender som denne våren. Ein daud kval med magen full av plast har denne våren utløyst ein strandryddeaksjon det neppe har vore utført maken til, nokon stad, nokon gong.

Utilgjengeleg perle
Den langsmale Børnestangen sør for Klokkarvik i Sund har Krossfjorden på austsida og Høylandsvika på vestsida. Turen står lista i Kystpasset, men framstår som såpass utilgjengeleg at det er freistande å påstå at dette er ei perle sundsokningane helst vil ha for seg sjølv.

Kystpasset

Å tørka torsk under takskjegget er ein gammal tradisjon på Sotra. Dette matforrådet kan du snubla over om du går deg vill i nærområdet.

Kystpasset tilrår parkering ved Sund skule. Langt frå alle har lokalkunnskap nok til å vita at dei då viser til den nedlagt skulen på Klokkarvik. Følgjer du rådet, er det imidlertid langt å gå på asfalt før du kan leggja ut i terrenget. Lett å gå seg vill er det og – vi fekk med oss ein heil sightseeing på småvegane i området før vi omsider fann skiltet som viste ned til Nedre Børnes. Følg vegen heit til endes. Løypa startar bak ein sandhaug mellom hus nr. 70 og 73B.

To stiar

Badevikjer på rekkje og rad ut mot Krossfjorden.

Den lengste og finaste delen av turen går i utmarksterreng, og her er det langt mellom dei tobeinte.

Kartet i Kystpasset viser to stiar frå Kvalvika og sørover tangen.

Langsmed Krossfjorden ligg dei nyreinska badevikene på rad og rekkje, og det er freistande å følgja dei blankskurte svaberga utover.

Ver obs på at denne stien er lett å mista. Der det ikkje lar seg gjera å følgja sjølinja, er det er fort gjort å gå i myra… Det er nesten så ein kan misunna villsauen som hoppar lettbeint mellom brakar og lyng og forsvinn før du rekk å finna fram kameraet.

Lettare å følgja

Følg dei oransje sløyfene.

Då kan det vera eit betre val å starta med den øvre stien. Finn du først startpunktet, er den betre merka, tydeleg tråkka og lettare å følgja.

Ta til høgre inn i krattet straks du har passert den andre steinmuren. Einaste merkinga er oransje sløyer i buskaset.

Ein impregneringsglinsande plankestabel inntil ein furulegg vitnar om at turlaget har planar om gjera det lettare å ta seg fram langs stien.

Solvarm lagune

Denne laguna ventar slitne turgåarar på sørspissen av Børnestangen.

Etter at du har passert fyrlykta, og nærmar deg sørspissen av tangen, kjem du til ein idyllisk lagune som er stengt av frå Krossfjorden ved fjøre sjø. Ein lovande badeplass, med solvarma vatn på fine sommardagar.

Bratt og glatt

Ved varden ventar boka til Sund Turlag.

Ved varden på sørspissen av Tangen møtes dei to stiane. Akkurat denne strekkja kan imidlertid fortona seg både bratt og glatt for einskilde. Eit tau er strekt ut for å hjelpa turgåarane å halda seg på beina, men sjølv då kan akkurat dette svaberget fortona seg lite freistande å forsera.

Ver obs på at det framleis er svært vått i marka, og at gummistøvlar er rett fottøy. Kystpasset oppgjev at turen tek 2 – 3 timar. Det kan vera vel optimistisk for dei som går turen for første gong.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s