CCB-sjefen om den lange nedoverbakken

– Det er først i år vi får full effekt av nedturen i offshorenæringa, hevdar administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS. No førebur han seg på ein ny runde med oppseiingar.

CCB-sjef Kurt Rune Andreassen opplever ein kvardag som er langt unna den vel-overstått-haldninga som pregar Regjeringa og resten av norsk næringsliv om dagen.

I eit eksklusivt intervju med nettavisa Tunnelsyn fortel CCB-sjef Kurt Rune Andreassen openhjartig om ein kvardag prega av akutt behov for omstilling. Ein periode som starta alt i 2014 og som han sjølv karakteriserer som ”den lange nedoverbakken”.

Les: Sjef for skiftande tider

Andreassen opplever ein arbeidsdag milevidt unna den optimistiske vel-overstått-haldninga som let til å prega den norske regjeringa og resten av norsk næringsliv om dagen.

– Det er først i år vi får full effekt av nedturen i offshorenæringa, hevdar Andreassen.

Låg aktivitet
I toppetasjen i administrasjonsbygget på Ågotnes er det stille. Ingen bråkande maskiner på kaiområdet utanfor overdøvar intervjuet. Sidan toppåret 2012 er meir enn eit 1.000-tals arbeidsplassar i tilknyting til Fjell si hjørnesteinsverksemd blitt avvikla. Sjølv asylsøkjarane som ein periode var innkvarterte i den tomme mannskapsriggen har drege sin veg.

Frå ille til verre
Dei førebelse rekneskapstala for fjoråret viser ein samla omsetning for heile konsernet på oppunder ein milliard – ei halvering samanlikna med 2012. Då er aktivitetane ved basane på Mongstad, Kollsnes, Kirkenes, Sandnessjøen og Las Palmas rekna med.

Overskotet før skatt enda på 58 millionar kroner.

– Eigarane kjem ikkje til å ta utbyte. Dei ser vi er inne i ein svært krevjande periode, seier Andreassen.

Størsteparten av overskotet vart generert i første kvartal i fjor, på Ågotnes. Avslutninga på fjoråret vart svak for heile konsernet. Og i år har det berre blitt verre:

– Vi tenar ikkje pengar. Første kvartal 2017 enda med underskot, konstaterer han.

Nye riggoppdrag
Aktivitetsnivået no er lågt, overalt. Tre riggar i opplag på Ågotnes er ikkje akkurat noko mjølkeku. Først i mai ventar Andreassen første riggoppdraget dette året:

– Femårsklassinga av COSL Promoter er einaste i sitt slag i på norsk sokkel dette året, og eit etterlengta oppdrag for CCB, seier Andreassen.

Ferdiggjeringa av Statoil sine to nye Cat J riggar er forseinka. Dei oppjekkbare riggane har enno ikkje forlate verftet i Sør-Korea. To månadars seglingstid rundt Afrika inneber at den første i beste fall kjem hit midt i fellesferien.

Den verkeleg store jobben, ombygginga av Haven-plattformen, vert ikkje planlagt å starta før i månadsskiftet oktober – november. Eit oppdrag som vil ta ei halvt år, reknar Andreassen med.

Ta grep på Mongstad
Omstillingstiltaka så langt har ikkje gjeve tilstrekkjeleg resultat, sett i lys av aktivitetsnivået. Det er naudsynt å ta ytterlegare grep, særleg på Mongstad.

Då Statoil omorganiserte baseverksemda si i 2015, valte Statoil å samla heile forsyningsverksemda til installasjonane i Nordsjøen på Mongstad. Anbodskonkurransen om oppdraget vann CCB og NorSea Group. Då kjøpte CCB like godt driftsselskapet Mongstadbase for å få tilgang til ressursane på basen.

Nøkkelpersonell
Mongstad er no den største og viktigaste av Statoil sine forsyningsbasar, men lønsemda er marginal.

– Vi har store forventningar til at innføringa av lean-prosessar vil føra til auka effektivitet og optimalisering på Mongstad. Innføring av lean-prosessar inneber at vi vert nøydd til å ta ned bemanninga for å verta effektive nok, slik at vi kan sitja att med eit positivt resultat av kontrakten med Statoil, seier Andreassen.

For å ta dei naudsynte grepa er nøkkelpersonell overført frå Ågotnes til Mongstad. Øyvind Langedal, Andreassen si høgre hand på Ågotnes gjennom mange år, er tilsett som ny administrerande direktør med øverste ansvar for gjennomføringa.

Store investeringar

– Det akutte bheovet for omstilling har utløyst ein veldig kreativitet i heile organisasjonen, smiler Kurt Rune Andreassen.

”Omstilling” er eit begrep det er Andreassen sitt ansvar å konkretisera. Situasjonen har utløyst ein veldig kreativitet i heile organisasjonen, understrekar han.

Les: Vil selja vatn til Marokko

Omstilling for ein offshorebase er ikkje akkurat nokon lean startup. Mange av tiltaka krev store investeringar før den strategiske posisjoneringa ovanfor dei nye marknadane kan verkeleggjerast:

Cat J-riggane er ein ny type riggar på norsk sokkel. CCB vert det andre verftet her til lands som kan ta i mot slike riggar. Men først må det anleggjast botnfundament som riggane kan stå på.

Les: Opnar nytt marknadssegment for CCB

Forsvaret
For eitt års tid sidan inngjekk CCB og eigarselskapet NorSea Group ein rammeavtale med Forsvaret sin logistikkorganisasjon om å førebu alle CCB og NorSea Group sine offshorebasar til å inngå i Forsvaret sin ståande beredskapsorganisasjon.

Verksemdene er også prekvalifiserte til å vedlikehalda Forsvaret sine fregattar. Skuffelsen var difor stor då dei ikkje nådde opp i konkurransen om vedlikehaldet av Kystvaktfartøya, seier Andreassen.

Prekvalifiseringa inneber at offshorebasen tek eit strategisk steg i retning av å konkurrera med konvensjonelle skipsverft. Som ledd i førebuingane til å ta mot Forsvaret sine skip, planlegg dei investera i ein flytande dokk, stor nok til å handtera skip på storleik med Hurtigruta.

I 2016 var det investeringsstopp. Samla investeringar i 2017 for å kunna handtera dei nye arbeidsoppgåvene vil utgjera 50 – 60 millionar kroner, stipulerer Andreassen.

Næringspolitikk
CCB-sjefen ser behovet for samfunnsengasjement og har etterkvart blitt ein driven næringspolitikar. Eit engasjement som inneber at han nyleg takka ja til å verta nestleiar i styret for NHO i Hordaland.

Vervet avløyser fire år i styret for Bergen Næringsråd der Andreassen hovudsakleg har jobba med havnespørsmål, byutvikling og samferdsel. No skal han jobba mykje med dei same oppgåvene, men med ei opa dør til NHO sentralt. Å driva lobbyverksemd ovanfor Hordalandsbenken på Stortinget skal han halda fram med:

– Offshorebransjen vil framleis vera den viktigaste inntektskjelda til det norske samfunnet dei neste 40 åra, hevdar han.

Les: Olje- og energiminister Terje Søviknes: – Oljealderen er ikkje over

– Dette er ei ny rolle eg går inn i med nyfikne og spaning, smiler ein framoverlent administrerande direktør i Coast Center Base AS.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s