Framtidsseminar med brei tilnærming

Lars Sponheim kjem. Det same gjer Nils Røkke i Sintef og tidlegare statssekretær Ole Berrefjord.

Panorama hotel i Sund vert arena for framtidsseminaret for Fjell, Sund og Øygarden.

Intensjonsavtalen for den nye kommunen har store visjonar om at vi skal verta eit fyrtårn i vest. 15. mai inviterer Fjell, Sund og Øygarden til framtidsseminar for å freista gje innhald til visjonen.

Tema for heildagsseminaret er svært breidt. Fylkesmann Lars Sponheim skal leggja fram sin visjon for framtidas kommunar.

Framtida for den norske velferdsmodellen vert tema for forskingssjef Tore Nilssen i Sintef.

Tidlegare statssekretær Ole Berrefjord skal snakka om framtidig samfunns- og næringsutvikling. Næringsutvikling i havet, og energi og klima i eit bærekraftsperspektiv, er tittel på andre føredrag. Det siste er det direktør Nils Røkke i Sintef som skal halda.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s