Offshorefartøy får nytt liv i vindkraftproduksjon

Fire av Atlantic Offshore sine fartøy er no selde som vedlikehaldsfartøy for tysk vindkraftproduksjon.

Det 30 år gamle forsynings- og standby-fartøyet Ocean King.

Sist ut er det 30 år gamle forsynings- og standby-fartøyet Ocean King, ifølgje ei melding frå Atlantic Offshore AS.

Les: Atlantic Offshore siglar vidare – har kontraktar for 1,8 milliardar

Ocean King har lege i opplag sidan august 2016, og har den siste tida hatt få fast tilsette. Desse vert oppsagt, skriv dagleg leiar Roy Wareberg i Atlantic Offshore AS i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.

Botnen nådd?

Roy Wareberg held fram som dagleg leiar i det nye selskapet Aegopodium AS.

Wareberg håpar salet signaliserer at botnen no er nådd i marknaden for offshore fartøy:

– Marknaden har vore stabilt dårleg sidan slutten av 2014, og vi merkar ikkje noko stort oppsving enno. Litt fleire førespørslar får vi, så vi håpar botnen er nådd. Det er likevel mogeleg å selja godt vedlikehaldne fartøy, skriv Wareberg i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.

Over bokført verdi
Verdien på fartøya til Atlantic Offshore vart skriven noko ned i samband med salet til Aegopodium AS. Salet av Ocean King skjer til ein sum som ligg noko over bokført verdi, sjølv om alderen tilseier at verdien i utgangspunktet var låg.

For Atlantic Offshore gjev salet både tiltrengt likviditet og eit lite resultatmessig overskot, skriv Wareberg.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s