Symbolsk markering mot «Øygarden»

Fire av representantane i førebuande fellesnemnd stemte mot at den nye kommunen skal heita Øygarden, då nemnda i dag vedtok ei innstilling til det felles kommunestyremøtet 21. juni.

Anita Garlid Johannessen (FrP) fronta motstanden mot namnet «Øygarden» på den nye kommunen.

Val av namn på den nye kommunen har vore eit heitt stridstema som til tider har truga med å velta heile kommunesamanslåinga.

Med knappast mogeleg fleirtal vedtok det felles  forhandlingsutvalet i fjor vår at namnet Øygarden skal vidareførast, fordi det symboliserer rekkja av øyar som vernar landet på innsida.

Les: Namnet vert Øygarden

Men mindretalet frå Fjell og Sund har heile tida hevda at dei ville koma tilbake til temaet. Svein Bergh (SL) gjekk tidlegare i vinter ut og kravde folkerøysting om namnevalet.

Les: Vil ha folkerøysting om nytt kommunenamn

Temaet kom opp at då den førebuande fellesnemnda i dag vedtok si innstilling til det felles kommunestyremøtet 21. juni.

Anita Garlid Johannessen (FrP) viste til at den tidlegare usemja, og at temaet var å koma tilbake til. Då ingen av dei som gjerne kan tenkja seg eit anna namn på den nye kommunen fremja noko alterantivt forslag, vart avstemminga ei symbolsk markering.

Dei tre andre som stemte mot var: Elna Nybakk (SL), May-Elin Limevåg (FrP) og Nils Kåre Skoge (H).

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s