Sponheim etterlyser avfallsplanar

Meir enn halvparten av dei 712 kjende hamnane i Hordaland manglar avfallsplan.

Forsøplinga av havet berre aukar. Den omfattande strandryddeaksjonen denne våren monnar lite i den store samanhangen.

Skip og båtar står for 20 prosent av det marine avfallet, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.

EU-krav
Alle hamnar skal ha ein avfallsplan godkjend av fylkesmannen, krev både norsk og EU-regelverk.

Samstundes er det ei utfordring at stadig fleire ankringsplassar kjem inn under  karakteristikken «hamn». Langt frå alle fritidsbåteigarar veit korvidt deira ankringsplan fell inn under departmentet sin definisjon av «hamn» og om dei vert omfatta av kravet.

Mange ukjende hamnar
Fylkesmannen i Hordaland har oversikt over 712 kjende hamnar, og stadig kjem det til nye. Mindre enn 40 prosent av dei kjende hamnane i Hordaland har godkjend avfallsplan, sjølv om freisten gjekk ut i 2014.

Det er hamneleiinga sjølv som er ansvarleg for å utarbeida ein slik plan, og senda han til fylkesmannen for godkjenning.

I tilfelle du undrast på korvidt din ankringsplass kjem inn under reglane: Last ned Miljødirektoratet sin rettleiar for utarbeiding av avfallsplan

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s