Båtrutene aukar i popularitet

Stadig fleire tyr til snøggbåtane i kø-byen Bergen. Samstundes synk kostnadane per reisande.

teisten
Snøggbåtruta mellom Kleppestø og Bergen får auka kapasitet i år. Nærare 500.000 personar valte i fjor sjøvegen framfor å køyra i kø i Bergen.  Foto: Liv Strømme

Det framkjem av årsmeldinga til Hordaland fylkeskommune.

Talet på reisande med dei ordinære snøggbåtrutene i fylket auka i fjor med sju prosent. Til saman frakta båtane 984.000 personar.

Mest populær er ruta mellom Kleppestø og Strandkaien. 33.000 fleire personreiser i fjor innebar at denne ruta no nærmar seg ein halv million passarsjerar årleg.

Les: Kleppestø kan få båtavgang kvart kvarter

Sterkaste veksten var på sambandet Knarvik – Frekhaug – Bergen. 20.000 fleire reisande tilseier ein auke på heile 20 prosent.

Flesland
Sjølv sambandet Sunnhordland – Austevoll – Bergen merkar presset frå køane i Bergensområdet. Fredag ettermiddag har kapasiteten på strekninga mellom Flesland kai og Bergen vore så pressa at Skyss har sett det som naudsynt å setja inn særskilte tiltak for å transportere attståande passasjerar.

Fleire reisande innebar at billettinntektene auka med knappe 400.000 kroner.

Kostnadskutt

FjordExpress gjer unna turen frå Hellesøy i Øygarden til Hernar på 15 minutt. Denne sommaren skal ruta forlengjast til Fedje.

Dei netto driftskostnadane sank derimot med heile 19 millionar kroner. Samla driftskostnadar for båtrutene utgjorde i fjor 167,3 millionar kroner. Då var også kostnadane med turistruta i Hardanger, og båtrutene til Hernar i Øygarden og i indre Osterfjorden medrekna. Samla frakta desse tre sambanda i underkant av 120.000 reisande.

Ny rute
I år freistar fylkeskommunen seg også med ei ny rute: I sommarhalvåret skal ruta frå Hellesøy til Hernar forlengjast til Fejde.

Les: Øygarden styrer mot Tour de Kyst

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s